Heim Nyhende Manglar samisk språkopplæring

Manglar samisk språkopplæring

Grunna manglande tryggleik på språket vel mange, særleg 30- og 40 åringar vekk samisk, skriv forskning.no.

Ifølgje ein ny forskingsrapport frå Nordlandsforsking, gjort på oppdrag frå Sametinget, får to tredelar av barnehagebarna og ein tredel av barn i grunnskulen ikkje opplæring i samisk. Hovudårsaka til dette er manglande tilbod og lærarmangel. Samstundes er det mange foreldre som som ikkje kan samisk og som difor ikkje kan hjelpa sine eigne barn med samisk.

Det er eit gjennomgåande trekk at tilgang på samiske barnehagar er særs viktig for rekruttering til samiskopplæring i skulen. Rapporten, som er gjort i samarbeid med Norut Alta, er gjort for å kartlegga korleis forholda ligg til rette for bruk av samisk språk i Noreg og i kor stor grad og i kva for situasjonar dei samiske språka faktisk blir brukt, skriv forskning.no. 12 utvalde kommunar og nærare 2000 personar har delteke og svara på ei spørjeundersøking adressert til eit utval av Sametinget sitt valmanntal.

Forskarane meiner løysinga er å satsa på styrking av opplæringstilboda i heile grunnopplæringa og vaksenopplæringa, ved å rekruttera samiskspråkleg pedagogisk kompetanse. I tillegg må det opprettast fleire samiske barnehagar og det må leggjast til rette for å kunne styrkja det samiske språket via tiltak som leksehjelp, SFO og språkmedarbeidarar i grunnskulen.

I tillegg må det må òg gjerast tiltak utanfor skulen der både foreldre og språkberarar blir aktive deltakarar i språkarbeidet. Samisk blir ifølgje rapporten mest brukt i samhandling med barn og eldre og ute i naturen. For at det samiske språket skal oppretthaldast som eit levande språk, må ein utvida bruksområda. I dag er det berre i Kautokeino og Karasjok at samisk vert nytta i alle typar samhandling. I dei øvrige forvaltingskommunane for samisk språk i Finnmark, rapporterer ein tredel at dei ofte unnlet å nytta samisk der det ville vera naturleg. Utanfor dette området vel tre firedeler av nordsamane ofte vekk samisk, medan det same gjeld for to tredeler av lulesamane og fire femdeler av sørsamane, skriv forskning.no.

For å få flest mogleg til å auka kompetansen sin i samisk er det ifølgje rapporten naudsynt med støtteordningar. Ein må styrka og vidareføra dei samiske språksentra sin innsats for å skapa språkarenar. Det er ein føresetnad for at det samiske språket skal bløme at dei samiske miljøa støttar kvarandre i bruken av språket, skriv forskning.no.

Les heile saka på forskning.no

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...