Heim Nyhende Med mobilen som billett

Med mobilen som billett

Samferdsledepartementet opnar no for at mobiltelefonen kan brukast som elektronisk billett i kollektivtrafikken.

– Bruk av mobiltelefon som elektronisk billett, vil gjere det endå enklare å reise kollektivt. Vi må ha på plass ein nasjonal standard for mobiltelefonbillettering, slik at vi har eit betalingssystem som fungerer likt over heile landet, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Vegdirektoratet får i oppdrag å leie utviklingsarbeidet med den nye tekniske standarden for mobile løysningar.  Arbeidet skal vere ferdig i første kvartal 2012 slik at mobile betalingsløysningar kan takast i bruk i løpet av 2013.

Mobilleverandørar må tilby neste generasjon mobiltelefonar på den norske marknaden for at dette nye betalingssystemet skal kunne takast i bruk. Den nye generasjonen mobiltelefonar inneheld såkalla NFC-teknologi. 

– Her er det mange aktørar som trekkjer i same retning, og eg har derfor trua på at næringa vil fungere som ein god medspelar i arbeidet. Målet er å gjere det meir attraktivt å bruke kollektivtransport, seier samferdsleministeren. 

Fylkeskommunar og NSB deltar også i utviklingsarbeidet  for det nye betalingssystemet.

Over 500.000 kundar over heile landet bruker i dag elektroniske reisekort. Den teknologiske utviklinga har gått frå elektroniske kort (med magnetstripe) og smartkort (med chip) til kontaktlause kort og til mobiltelefon (med NFC).  Neste generasjon mobiltelefonar kan derfor også brukast som kort.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Digitalt nynorskseminar for folkevalde i kommunane

Alt du treng å vita om nynorsk i kommunepolitikken på 45 minutt!  Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Me inviterer...

Mållaget etterlyser betre nynorskpolitikk i partiprogramma

– Dei fleste partia bør få betre nynorskpolitikk før dei går inn i valkampen. Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Han har...

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...