Heim Nyhende Med pressa i rådhuset

Med pressa i rådhuset

– Viss vi skulle gjort noko annleis etter ulukka, så kan det vere vi ikkje hadde sluppe media så tett innpå oss.

Det seier rådmann Tone Tveito Eidnes om dagane og vekene etter helikopterulukka i Ullensvang i juli. Fire unge menneske samt helikopterpiloten omkom i den mest alvorlege helikopterulukka i nyare tid her til lands. Familien til dei omkomne var vitne til ulukka, og heile kommunen var i sjokk. Medietrykket på den vesle kommunen vart stort.

Sentral i rådhuset

Å forholde seg til media er ei stor utfodring i mange slike samanhenger, og det blei ikkje mindre av ei utfordring denne gongen, i og med at presseoppbodet var så stort.

– Vi fekk ganske snart VG, Dagbladet, Aftenposten, Bergens Tidende og heile massemedia til kommunen, seier rådmannen.

For å kome media i møte, lot kommunen pressefolket få opprette ein mediesentral i kommunestyresalen. Det var ferie og salen var ikkje i bruk til møteverksemd.

– Eg vil seie at media viste god respekt for dei pårørande og våre pålegg om å skjerme desse. Mellom anna aksepterte dei vilkåra for at dei skulle få vere til stades ved minnestunda, og dei pårørande slapp å bli eksponerte. Men det var krevjande å ha pressa så tett innpå seg for oss som jobbar i rådhuset. Det at dei var så synleg til stades gjorde også at dei pårørande ikkje kunne oppsøke oss på rådhuset.

Alt i alt vil ho seie kommunen og media kom godt ut av det med kvarandre, men ho er ikkje i tvil om at ein ikkje kunne invitert media inn i rådhuset på denne måten viss kommunen hadde vore ein direkte part i krisa.

Ferie

Ei anna utfordringa for heradet var at ingen av dei ansvarlege var på jobb den dagen helikopteret styrta. Dette var i byrjinga av juli og mange var på ferie.

– I løpet av halvannan time var kristeteamet vårt på plass, men blant desse var fleire vikararar og dei var derfor ikkje dei mest erfarne vi hadde, seier rådmann Tone Tveito Eidnes.

Ordførar, rådmann, assisterande rådmann og leiar i kriseteamet var ute av heradet. Ordførar Solfrid Borge vart varsla i løpet av ein halvtime etter ulukka. Ho var då på veg heim frå eit møte utanfor heradet, og både ho og resten av dei ansvarlege var på plass i løpet av det første døgeret.

I ein krisesituasjon er det avgjerande at ein har avklarte roller, seier ho vidare.

– Vi har ei fordeling kor ordføraren er den som uttalar seg til media , medan eg er ansvarleg for kriseleiinga. Det er leiinga og teamet si oppgåve å halde ordføraren oppdatert slik at ho har rett informasjon når ho uttalar seg.

Skjerpa

I ettertid er beredskapen deira evaluert i samarbeid med politiet, og Tveito Eidnes seier den viser at kommunen har fått gode tilbakemeldingar for arbeidet dei gjorde.

– Folk blir ekstra målbevisste og konsentrerte når krisa inntreffer, trur ho. – No var det heller ikkje kommunen si eiga krise denne gongen, men ein frykteleg tragedie som påverka mange i kommunen.

Treng rutine

Heradet må ha gode rutiner for krisehandtering, seier rådmannen. – Men heradet må også bruke si eiga vurderingsevne og den menneskekunnskapen ein har.

Heradet opplevde også eit godt samarbeid med ein av dei andre berørte partane i ulukka, helikopterfirmaet Airlift, som har sin base i Kinsarvik i Ullensvang.

Airlift leigde inn ein eigen rådgjevar med kunnskap om store ulukker, og denne ekspertisen fekk også heradet hjelp av.

Heradet er dessutan årleg med på beredskapsøvingar som fylkesmannen i Hordaland arrangerer. Det har nyleg vore ei slik øving.

– Vi hadde då vald oss intern kommunikasjon som tema for øvinga. Men vi har hatt andre øvingar kor ekstremt straumbrot, store ulukker eller til dømes ras har vore tema. Då går vi gjennom scenaria og skaffar oss på den måten grunnlag for gode rutinar.

Det er viktig å ha slike øvingar, seier rådmannen. – Somme gonger når ein har øvingar, kan ein tenkje at dette var voldsomme greier. Men eg har etterkvart fått stor respekt for og er svært audmjuk for at ting verkeleg kan skje og at vi må vere godt førebudde.

Les også:

Avklart rolle

Når krisa rår

Viktig å ha ein plan

Førre artikkelAvklart rolle
Neste artikkelNybrottsarbeid i Ryfylke

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...