Heim Nyhende Meiner det hastar å sikre nynorskundervisning i ungdomsskolen

Meiner det hastar å sikre nynorskundervisning i ungdomsskolen

Noregs Mållag og Norsk Målungdom er lite nøgde med at spørsmålet om rett til undervisning på eige skriftspråk også i ungdomsskolen, har blitt utsett i årets forslag til statsbudsjett.

Norsk Målungdom meiner kunnskaps- og integreringsminister, Jan Tore Sanner, ikkje har halde det han har lova når han i forslaget til statsbudsjett kunngjer at «departementet vil vurdere saka og komme tilbake til Stortinget med ei tilråding i budsjettproposisjonen for 2020».

Noregs Mållag og Norsk Målungdom meiner at spørsmålet om undervisning på eige skriftspråk ikkje kan utsetjast lenger, og vil at ordninga kjem på plass allereie hausten 2019.

– I statsbudsjettet utset regjeringa å seia kva dei meiner om språkdelte ungdomskular til 2020. Det er ikkje godt nok, seier Fredrik Hope, leiar i Målungdommen.

Meiner lovnad ikkje vart fulgt opp

Mange ungdomsskuleelevar med nynorsk som hovudmål får i dag storparten av undervisinga si på bokmål.

I 2016 bad Stortinget Regjeringa om å greie ut korleis dei kan endre opplæringslova, for å sikre at nynorskelevar i grunnskolen kan bli sikra nynorsk undervisning i ungdomsskolen.

I eit skriftleg svar i april i år, informerte kunnskapsminister Sanner om at Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å berekne dei økonomiske konsekvensane av å endre opplæringslova §2-5 fjerde ledd til å gjelde heile grunnskolen. Videre skriv han: Eg tar sikte på å gjere greie for oppfølginga i budsjettproposisjonen for 2019.

Det er denne lovnaden Målungdommen meiner ikkje har blitt fulgt i budsjettforslaget for 2019.

– I staden legg dei opp til at nynorskelevane må venta endå eit år, seier Hope.

Les også: Nynorsken får eit endå mindre kakestykke i kulturbudsjettet

Usikkert korleis ei endring vil slå ut

– Vi er opptekne av å sikre gode kår for opplæring og bruk av begge målformer i skulen, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Rikke Høistad Sjøberg, på epost til Framtida.no.
– Dette må vurderast grundig og det har vore usikkert korleis ei slik endring vil slå ut. Faktorar som skulestruktur, skulestorleik og elevsamansetning vil avgjere i kva grad kommunane vil merke stor endring dersom lova endrast.
– Difor varslar regjeringa i statsbudsjettet at vi vil komme med eit forslag til løysing i statsbudsjettet for 2020, og at eit eventuelt lovforslag vil bli sendt på høyring, seier Høistad Sjøberg.
 
Odda som eksempel
Fredrik Hope er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne/Norsk Målungdom

Odda kommune har som einaste kommune i landet ei ordning med språkdelte klassar på ungdomstrinnet. Det er dette Mållaget og Målungdommen ønsker skal bli ei landsdekkande ordning.

– Eg meiner og trur at dette er noko som kan minske språkskiftet frå nynorsk til bokmål på ungdomsskulen, og gjeve elevar på ungdomsskulen same språkrettar som elevane på barneskulen. Vi ser i Odda at det er mange færre som skiftar til bokmål enn tilsvarande plassar, seier leiaren i Målungdommen.

Les også: Kan Stavanger verte landets største nynorskkommune?

Ber om 10 millionar for å sikre nynorskelevar i ungdomsskulen

Tysdag denne veka tek Noregs Mållag og Norsk Målungdom opp spørsmålet om språkdelt ungdomsskule i ei høyring på Stortinget.

I høyringa ber dei om ei løyving på 10 millionar som skal sikre nynorskelevar i område med både nynorsk og bokmål rett til opplæring i eigne klasser på ungdomsskulen frå hausten 2019.

I høyringsnotatet til Stortinget skriv Mållaget mellom anna at norsk språkopplæringspolitikk bryt med det som internasjonalt er rekna som ein sentral språkrett, retten til opplæring på eige språk, og at det er heilt unødvendig å utsette dette tiltaket enda eit år.

Les også: Sju nynorske ord du burde bruke

Oddamodellen

Odda kommune har vore språkdelt sidan 1914. Kommunen praktiserer ei ordning som gjer at elevane har rett på å gå i eigne nynorsk- og bokmålsklassar òg på ungdomsskulen.

Ordninga sikrar at elevane får all undervisning i alle fag på hovudmålet sitt.

På landsbasis har elevar berre rett på eigne språkdelte klassar frå 1.-7.klasse, dersom fleire enn ti elevar vel ei anna målform.

Mållaget ønsker at ordninga med språkdelte klassar på ungdomsskuletrinnet, som sidan 2014 har blitt kalla Odda-modellen, skal bli ein nasjonal standard.

Les meir om Odda-modellen her.

Kjelde: Mållaget

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...