Den offentlege språkbruken viser positive tendensar: I fjor brukte ti av 168
underliggjande statsorgan bokmål og nynorsk i tråd med krava i språklova, mot
berre eitt statsorgan året før. Det viser nye tilsynstal frå Språkrådet. Samtidig er
etterlevinga totalt sett altfor dårleg.
I 2022 var det berre Medietilsynet som oppfylte krava, og som trona åleine på toppen av
pallen. I 2023 fekk tilsynet selskap av desse statsorgana: Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, Vegtilsynet,
Bioteknologirådet, Riksantikvaren, Statsbygg, Lotteri- og stiftelsestilsynet, Riksadvokaten og Norec.
I tillegg til dei underliggjande statsorgana er det fire departement som har oppfylt krava i
2023: Energidepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Når me legg saman tala for alle departementa og Statsministerens kontor, er vekslingskravet for ny tekst i stortingsproposisjonar og -meldingar oppfylt for første gong sidan målingane starta i 1994. I 2023 vart 25 prosent av all ny tekst på regjeringa.no (felles nettstad for alle departementa) publisert på nynorsk.
Positiv utvikling
Totalt sett gjekk nynorskbruken opp for dei underliggjande verksemdene i staten. Det var fleire verksemder som brukte minst 25 prosent nynorsk i sosiale medium (frå 36 i 2022 til 46 i 2023), i ny tekst på nett (frå 13 i 2022 til 26 i 2023) og totalt på nett (frå 8 i 2022 til 14 i 2023).
– Resultata vitnar om mykje godt språkarbeid hos verksemdene som oppfyller kravet i lova. Me ser i tillegg ei positiv utvikling hos ein del andre verksemder som i 2023 ikkje heilt når vekslingskrava i lova. Det er sjølvsagt gledeleg, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås, i ei pressemelding.
Det kan vera fleire årsaker til at verksemdene no bruker meir nynorsk: større respekt for regelverket etter at språklova tredde i kraft, bruk av automatisk omsetjing, betre rettleiing, ein tettare tilsynsdialog og auka datakvalitet er moglege forklaringar.
Eit demokratisk problem
Samtidig ser Språkrådet at 94 prosent av verksemdene i staten stadig ikkje klarer å oppfylla lovkrava me har vurdert dei etter i 2023.
– Eitt av formåla med språklova er å fremja nynorsk, som er det minst brukte skriftspråket. Det er eit stort demokratisk problem at det er mykje vanskelegare å vera nynorskbrukar enn bokmålsbrukar. Offentlege organ skal ikkje forsterka denne forskjellen ved å gjera nynorsk usynleg eller utilgjengeleg, seier Wetås.
Ho minner om at det er eit leiaransvar å følgja opp språklova og språkpolitikken.
– Alle leiarar i staten må bli merksame på at systematisk nynorskarbeid i verksemdene handlar om å gjera språket synleg og tilgjengeleg, og å leggja til rette for likeverdige tenester til innbyggjarane. Eg forventar at kollegaene mine har like gode rutinar for å følgja regelverket på språkfeltet som dei har for å etterleva andre regelverk, til dømes reglar for økonomistyring eller arbeidsmiljø, seier Wetås.
Slik jobbar Språkrådet for å få meir og betre nynorsk
Sjølv om verksemdene blir målte på tal og prosent, er det viktig å hugsa kva som er det
underliggjande formålet med regelverket: å sikra gode og likeverdige tenester til innbyggjarane og å styrkja nynorsk som bruksspråk.
– Samtidig som statsorgana jobbar for å bruka meir nynorsk, jobbar Språkrådet for å
utvikla seg som tilsynsorgan. Me er ikkje ute etter å løfta peikefingeren, men å hjelpa staten med å få på plass gode rutinar, slik at språkarbeidet blir ein del av arbeidet med å sikra høg kvalitet i tenestene til innbyggjarane, avsluttar Wetås.