Heim Nyhende Minimum 7000 til kommunetilsette

Minimum 7000 til kommunetilsette

Dei tilsette i kommune-Noreg får minimum 7000 kroner i tillegg etter at lønsforhandlingane kom i hamn seks timar før fristen gjekk ut.

LO Kommune hadde kravd 9000 kroner i tillegg til alle kommunetilsette.

– Vi er nøgde med resultatet. Det generelle tillegget er på linje med det dei fekk i staten, seier forhandlingsleiar for LO Kommune, Jan Davidsen i Fagforbundet, på heimesida til Fagforbundet.

Dei tilsette i kommunesektoren får eit generelt tillegg på 1,72 prosent, minimum 7000 kroner per år.

– Det er ingen tvil om at resultatet er godt i overkant av kva norsk kommuneøkonomi gjev rom for. I Statsbudsjettet var føresetnaden ein lønsvekst på 3,25 prosent. I høve til resultata i dei andre oppgjera, ikkje minst i Staten sitt eige oppgjer, var dette heilt urealistisk, seier forhandlingsleiar for KS, Per Kristian Sundnes på KS sine nettsider.

– Med dette resultatet har kommunesektoren fått ei lønsutvikling dei siste to åra som er om lag den same som i staten. Det er viktig, ikkje minst i konkurransen om kompetent arbeidskraft, held Sundnes fram.

Akademikerne sin forhandlingssjef, Ole Jakob Knudsen, meiner lærarane er taparane i lønsoppgjeret. Lærarane får 0,25 prosent lågare lønsvekst enn dei andre kommunetilsette.

– Kommunesektoren slit særleg med å rekruttere og behalde tilsette i skulesektoren. Det veit KS. Då er det beklageleg at lærarane igjen får den lågaste lønsveksten, seier Knudsen til Utdanningsnytt.

– Vi er svært skuffa over at KS ikkje prioriterer lærarane. Elevane si læring er i stor grad avhengig av læraren sin kompetanse. Då må vi verdsetje lektorkompetansen på ein skikkeleg måte, held han fram.

Utdanningsforbundet sin leiar og forhandlingssjef for Unio, Mimi Bjerkestrand, seier resultatet er til å leve med.

– Vi har henta inn delar av det lønsmessige etterslepet, men vi har framleis ein jobb å gjere for å betre rekrutteringssituasjonen for folk med høgare utdanning, slår Bjerkestrand fast.

Les her kva fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud seier om lønsoppgjeret for dei kommunetilsette.

Førre artikkelLeiartalar
Neste artikkelVann pris for nynorskstilar

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...