Heim Nyhende Vann pris for nynorskstilar

Vann pris for nynorskstilar

Tre jenter frå Vestlandet er heidra med 5.000 kroner for skrivetalentet sitt. Dei får prisen for å ha levert dei beste hovudstilane på nynorsk til eksamen allmennfag i vidaregåande skule i fjor.

 

Julie Bojesen frå Sauda, Marta Rekdal Eidheim frå Ulstein og Hanne Onjeme Overvoll frå Volda klatra heilt til topps då juryen for Fridthoiv Oos`legat skulle bestemma seg for kven som i år skulle premierast for dei beste nynorskstilane.

– Prisvinnarane har alle tre felles kvalitetar. Dei skil seg ut som skribentar, dei har ein sikker språksans og ein sikker fagkompetanse, sa tidlegare redaksjonssjef i Samlaget, Svenn Fosseng, då han delte ut prisen på årsmøte til Samlaget nyleg.

Han slo fast at alle dei tre prisvinnarane har eit stort talent til å skriva.

Julie Bojesen takka for tildelinga på vegner av dei tre og understreka at prisen er svært viktig for å oppmuntra elevar på vidaregåande til å halda fram med å skriva nynorsk.

Julie Bojesen fekk tidlegare i år andrepremie i Magasinett og Framtida.no si skrivetevling «Kva framtid vil du ha?». (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...