Heim Nyhende Musikalmiljø i vekst

Musikalmiljø i vekst

I fjor var det noregspremiere på den nynorske versjonen av musikalen Miss Saigon. På Bømlo er det eit yrande teaterliv.

– Det var Maren Laurhammer Gilje og syskenparet Sigurd og Nina Sele som fekk ideen om å starte opp med musikalar på Bømlo. I 1998 var dei i Oslo og såg Jesus Christ Superstar, på veg heim tenkte dei: Dette kan me jo gjere likegodt sjølve. Og i 1999 vart det premiere på musikalen i Moster Amfi, fortel leiar i Bømlo Musikallaug, Linda Hellen.

Det er ti år og åtte musikalar sidan den gong, no sist, i 2009, sette musikallauget opp Miss Saigon. På scenen står både amatørar og profesjonelle skodespelarar.

– Det er ein suksessfaktor og gir framsyninga den ekstra gnisten. Dei profesjonelle kan faget sitt, og for amatørane er det inspirerande å vere med på noko slikt.

– Det blir fleire musikalar, det lovar me. Men me veit ikkje akkurat no kva det blir, seier Hellen, som legg vekt på at det krev mange dugnadstimar og mykje innsats før ein premierekveld.

– Vanlegvis går det om lag eit par år frå ideen om ein musikal kjem opp, til me står på scenen. Og me treng mellom 200 og 250 frivillige. Bømlingen er driftig, han gjere ikkje ting halvvegs. Det er nesten som at folk må planleggje ei eventuell familieauke etter musikalprogrammet, seier ho med eit smil.

 

Godt miljø

Moster Amfi er opphavleg ei nedlagt kalksteinsgruve og vart laga for å arrangere det historiske spelet Kristkongane på Moster. Etter kvart er Moster Amfi også blitt ein arena for musikaloppsetjingar.

– Det må absolutt vere ein av Nordens finaste utescenar, meiner Linda Hellen og skryt over samarbeidet mellom dei ulike teateraktørane. Mange er aktive både i spelet og i musikalar.

– Det er mykje av det same miljøet, samstundes som begge har sin eigenart, seier ho.

Målet og drivkrafta med arbeidet må vere å skape noko stort. I ei bygd må ein skape dei sosiale arenaene sjølv, meir enn ein må i ein by, trur Hellen. Ho ser heller ikkje vekk frå at det kreative miljøet kan få fleire til å flytte heim igjen til Bømlo.

– Det er sjølvsagt viktig med jobb, barnehageplass og slike ting. Men fritida er også viktig når ein skal bestemme kor ein vil bu. Då kan dette vere avgjerande, meiner ho.

Omsett til nynorsk

Musikalane og teatermiljøet på Bømlo er i ferd med å bli ei merkevare. Ikkje berre for kommunen, men også for regionen. I dette biletet er også språket viktig.

– Det er viktig for det vestlandske publikumet at me bruker nynorsk. Det er eit musikalsk språk som det er godt å synge på, seier Linda Hellen og slår fast at det handlar om identitet. At det som blir vist fram på scenen er i tråd med den lokale identiteten. Difor har Bømlo Musikallaug brukt mykje tid på å omsetje musikalar som Chess og Miss Saigon til nynorsk for første gong. Runa Våge Krukhaug har vore sentral i alle desse produksjonane, i Miss Saigon stod ho for heile omsetjingsjobben åleine

– Det er eit krevjande, men spanande arbeid. Ofte har me også opplæring av dei profesjonelle skodespelarane i korleis dei skal uttale orda. Det er ganske morosamt, men mange av dei blir veldig gode, humrar Hellen.

Musikalmiljøet på Bømlo har også fostra fram talent. Mest kjent er truleg Sigurd Sele som truleg har markert seg mest i rolla som Jean Valjean i Les Miserables på Den Nationale Scene i Bergen.

Førre artikkelLever ut ein draum
Neste artikkelFråsegn

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...