Heim Nyhende Universitetet når ikkje nynorskkrav

Universitetet når ikkje nynorskkrav

Universitetet i Oslo er langt unna krava i mållova om minst 25 prosent nynorsk. Berre 2 prosent av skjemaa ved UiO er på båe målformer og berre 4,3 prosent av innhaldet på uio.no er på nynorsk.

– Det er ikkje noko nytt at UiO bryt mållova. Vi er likevel veldig skuffa. Det er dumt for studentane at UiO ikkje oppfyller krava, og lover er jo til for å følgjast, seier Tina Fauskanger, leiar i Studentmållaget i Oslo til Universitas.
Den manglande oppfølginga av mållova ved UiO har vore ein gjengangar i mange år. Mållova krev at 25 prosent av trykksakene og nettsidene skal vere på nynorsk. Universitetet har sjølv laga ein tiltaksplan for nynorsk som seier at 10 prosent av innhaldet på nettstaden deira skal vere på nynorsk innan 2015. Sjølv om det kan vere eit oppnåeleg mål, er det likevel langt unna det mållova krev.

Universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboe meiner resultatet som kom fram i denne nye undersøkinga ikkje er godt nok og forventar at det blir rydda snøgt opp i.

– Så lenge vi ikkje oppfyller krava i lova, kan ein ikkje vere fornøgd. Men eg er fornøgd med fokuset vi har på det, seier Bjørneboe til studentavisa.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...