Heim Nyhende No må TV 2 også skrive nynorsk

No må TV 2 også skrive nynorsk

I går vart det klart at TV 2 får halde fram som kommersiell allmennkringkastar – no med språkkrav.

På torsdag signerte TV 2 og Kulturdepartementet ei konsesjonsavtale om at TV 2 får halde fram som allmennkringkastar også dei neste fem åra.

Per år skal TV 2 motta 135 millionar kroner i stønad, men då må kanalen også oppfylle visse krav. Eit av desse er at hovudredaksjonen må ligge minst 100 kilometer frå Oslo, eit anna er at begge målformene skal nyttast.

Noregs Mållag og Kringkastingringen har både ris og ros til avtala.

Nynorsk også i tekst

Magne Aasbrenn er nøgd med at hovudredaksjonen framleis ikkje kan ligge i Oslo. – Det gir betre journalistikk at nyhende blir formidla med ulike perspektiv, seier han. Foto: Noregs Mållag.

– Vi er glade for at den nye TV 2-avtalen seier tydeleg at TV 2 må nytte begge dei to offisielle målformene, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

– Formuleringa om nynorskbruk er likevel så slapp at ho set store krav til TV 2 som allmennkringkastar. I søknaden har TV 2 vist til at dei har mange nynorsktalande medarbeidarar, og skal dei følgje avtalen, må dei heretter også sleppe nynorsken til i eigen tekstproduksjon.

Aasbrenn påpeikar at dette gjeld i mange flater. Alt frå skjerm-vignettar, til teksting av program og på nettsida TV2.no.

Les også: Tore Renberg: – Gå heim og gje nynorsken ein sjanse

«Tolkingsrom» må ikkje tyde bokmål

Endå Mållaget synest det er positivt at kanalen skal tilby norskspråkleg barne-TV og program for unge, så peiker dei likevel på det dei synest er ei svakheit i avtala. Det er ikkje oppgitt noko prosentkrav for variasjonen i norsk språk i detaljerte programområde, anna enn at norsk skal utgjere minst 50 prosent av sendetida.

Noregs Mållag vonar at Medietilsynet passar på at TV 2 følgjer opp denne avtalen på ein samvitsfull måte. Områda i avtalen som gir «tolkingsrom», må ikkje systematisk bli tolka slik at norsk språk i større grad tyder bokmål enn det som tydeleg er den politiske intensjonen bak avtalen.

Les også: Nynorskfylket med konferanse om framtida til det norske språket

Ei svak avtale

Leiar i Kringkastingsringen, Guro Kvalnes, er også samde med Noreg Mållag om at språkkrava er for vage.

Guro Kvalnes er leiar i Kringkastingsringen. Foto: Andrea Nøttveit
Guro Kvalnes er leiar i Kringkastingsringen. Foto: Andrea Nøttveit

– For såpass mykje pengar burde språkkrava til TV 2 vore tydlegare. Det er sjølvsagt bra at det står noko om norsk språk i avtala, men det er skuffande at den ikkje er meir konkret. Det burde stått noko om at nynorsk skal nyttast i alle programformer og at den skal vera synleg på nettsida. Særleg gjeld dette innhald som er retta mot born og unge.

Ho seier at TV 2 har vore flinke til å nytta både nynorsk og dialekt, men meiner at dette var eit godt høve til å avtalefesta denne praksisen. Ho er overraska at samisk ikkje er nemnd i det heile.

– Med ein såpass diffus avtale, skulle det ha vore lett å få med noko om samisk språk. Det er vanskeleg å sjå at TV 2 kjem til å prioritera dette når departementet ikkje tek det med i denne avtala, seier Kvalnes.

Kringkastingsringen er ein medlemsorganisasjon som arbeider for at NRK skal nytta minst 25 prosent nynorsk og at det blir meir nynorsk i alle andre radio- og fjernsynskanalar.

Les også:Strøymetenestene gløymer nynorsk

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...