Heim Nyhende Ny på kommunetoppen

Ny på kommunetoppen

KS fekk sin første kvinnelege leiar då Gunn Marit Helgesen (H) vart vald til styreleiar for kommunesektoren sin interesseorganisasjon i februar.

 

– Gratulerer med vervet som ny KS-leiar. Kva blir annleis i livet ditt no?

– Mykje blir annleis, blant anna skal eg representere alle kommunar, fylkeskommunar og mange bedriftsmedlemmer i Noreg, ikkje berre mitt eige parti i Telemark fylke som opposisjonsleiar. Det er eit spennande verv, der eg må bruke mykje tid i Oslo, men også reise rundt om i heile landet. Og målet er å gjere KS synleg og bodskapen tydeleg på vegner av medlemane våre. Oppdraget er stort og viktig.

– Har du noko forhold til at du er første kvinnelege leiar av KS?

– Nei, men det er på høg tid med ein kvinneleg leiar. Eg var også første kvinnelege fylkesordførar i Telemark i si tid.

– Kva er dei største utfordringane norske kommunar står overfor no?

– Den største utfordringa er ei altfor sterk statleg styring og direktoratstyring i Noreg. Norske kommunar og fylke treng større handlingsrom for å kunne løyse oppgåvene best mogleg. Lokalt folkestyre treng vern og større tillit frå nasjonale styresmakter. Og arbeidskraftbehovet i offentleg sektor er ei stor utfordring.

– Og kva er KS si rolle i desse utfordringane?

– KS er ein medlems- og interessepolitisk organisasjon som skal tale Kommune-Noreg si sak og påverke rammevilkåra for kommunesektoren.

– Kva forhold har du til språk?

– Språk er ein viktig faktor i identiteten og kulturarven vår. Det er viktig å bevare og utvikle språket vårt.

– Og til byråkrati?

– Byråkrati er ein nødvendig del av demokratiet vårt. Men for mykje byråkrati kan kvele skaparkraft og initiativ hos enkeltindivida og bedrifter, lag og foreiningar. Det er behov for å revurdere mykje av det noverande systemet.

Namn: Gunn Marit Helgesen

Alder: 53

Aktuell: Vart vald til styreleiar for kommunesektoren sin interesseorganisasjon (KS) i februar

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...