Heim Nyhende I Løland sine fotefar

I Løland sine fotefar

Det er ikkje ofte ein ser komitear som set seg så hårete mål som komiteen som ville markera Rasmus Løland, gjorde. Folk rista på hovudet. Dette var ikkje råd å få til, hevda dei. No, eitt år etter at markeringa er avslutta, kjem sluttrapporten. Få, om nokon, har anna enn godord å koma med.

Ei fem år lang markering av forfattaren Rasmus Løland kom endeleg i hamn i fjor haust. No i desse dagar er sluttrapporten klar. Han er førd i pennen av Åse Elin Langeland, som ikkje sjølv har vore involvert i prosjektet, på oppdrag frå styret i stiftinga. Konklusjonane hennar i den dryge femti sider lange rapporten er klåre som dagsljos. Trass i at Lølandstova i Asker gjekk i vasken, og at eit nasjonalt senter for nynorsk barnelitteratur enno ikkje er på plass på Sand, så var markeringa av Løland og ringverknadane av prosjektet ein stor suksess.

Rasmus Løland-markeringa 2007–2011 blei offisielt opna av fylkesmann Tora Aasland 13. april 2007 i Suldal og avslutta fem år seinare på same stad, i mai 2011. I 2007 var det 100 år sidan Rasmus Løland døydde i Asker, og i 2011 var det 150 år sidan han vart fødd på Løland i Suldal kommune. Rasmus Løland (1861–1907) var forfattar, journalist og samfunnsbyggjar. Han skreiv og engasjerte seg for barn og blir i dag rekna som ein pioner i barnelitteraturen. Han skapte den moderne barneforteljinga, der barna sine eigne opplevingar blir utforska og tekne på alvor.

Undrande og skapande var visjonen for markeringa. Ved å ta utgangspunkt i barna sin fantasi og undring ville stiftinga skapa større engasjement for norsk kultur og litteratur for barn og ungdom. Hovudmålsettinga var å auka statusen for denne kulturtradisjonen og leggja grunnlaget for eit nasjonalt senter for nynorsk barnekultur knytt til Ryfylkemuseet, Løland-senteret, står det å lesa i rapporten.

Markeringa hadde hovudarrangementa sine i 2007 og 2011. I 2007 vart hovudarrangementa lagde til Suldal i mai og til Asker i oktober. I 2011 vart hovudmarkering lagd til Suldal i april/mai. Mellom desse åra var det i tillegg ulike arrangement og markeringar som støtta opp om målet. I heile perioden blei det samstundes arbeidd for å få på plass eit nasjonalt senter for nynorsk barnekultur lokalisert på Sand i Suldal kommune.

 

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....