Heim Nyhende Nær halvering av årsverk i Samlaget

Nær halvering av årsverk i Samlaget

18 årsverk vert flytta over til Fagbokforlaget når Samlaget sel utdanningsavdelinga si. Etter salet er det att 23 årsverk i forlaget.

Samlaget har bygd opp eit læreverktilbod for grunnskule og vidaregåande utdanning i over førti år, men no er det slutt. Fredag annonserte Samlaget at dei sel Samlaget Utdanning til Fagbokforlaget. Dei 18 årsverka i avdelinga følgjer med i salet. Då er 23 årsverk igjen i forlaget.

–  Det er ei dramatisk endring for Samlaget når selskapet blir halvert. Det som likevel er det positive er at det er ein kime til fokusering på det viktig litterære feltet, seier administrerande direktør i Samlaget, Edmund Austigard.

–  Vi skal vere viktige i form av litteratur, ikkje storleik, seier han.

–  Vorte tøffare
Austigard fortel at vilkåra for «utdanningsforlageri» har endra seg dei siste åra.

–  Skulebøkene har vore nyttige og ei kjelde til sårt tiltrengde pengar med jamne mellomrom. Men det har blitt tøffare, i alle fall for den type forlag som vårt og med den storleiken på marknadsdelen som vi har. Slik situasjonen er no må ein levere fullverdige digitale læreverk og fullverdige læreverk på papir, i to parallelle distribueringskanalar. Vi har bygt opp ei eiga løysing for digitale læremiddel. Det kostar. Skulane betaler ikkje meir, snarare mindre, seier han.

Til neste år kjem ein revisjon av læreverka. Austigard tok til som administrerande direktør i fjor haust, og før jul sette Samlaget i gang ein strategisk analyse for å vurdere i kva retning forlaget burde gå.

Forlagsdirektøren viser til at det hadde måtta store investeringar til fram mot revisjonen. Dei har vurdert det slik at den økonomiske risikoen knytt til revisjonen vert større enn kva Samlaget kan bere.

–  Vi reknar med fleire læreplanverk blir bytt ut. Dette løftet blir for risikabelt for oss, seier Austigard.

–  Betre føresetnader
Når dei no sel utdanningsavdelinga til Fagbokforlaget, meiner Austigard ho er i gode hender. Det har vore viktig for Samlaget å finne ein god kjøpar.

–  Fagbokforlaget har storleiken og musklane som skal til, og dei blir ikkje mindre med den breie og gode porteføljen til Samlaget. Porteføljen kan gro og utvide seg betre der enn hos oss. Dei har betre føresetnader. Det er sjølvsagt litt trist å medgi, men slik er det, seier Austigard.

Sjølv ønskjer Samlaget no å konsentrere seg om kjerneverksemda, som er å gi ut kvalitetslitteratur på nynorsk. Plussida av salet er at Samlaget kan bruke alle krefter på forfattarane og på å dyrke fram kvalitetslitteratur.

–  Vi skal no bli tydelegare på felta barn og ungdom, skjønnlitteratur for vaksne og sakprosa, for å sikre at Samlaget er like viktig framover. Det vil krevje at vi er audmjuke i møte med omgjevnadene våre, forståing av den framtidige rolla vår i marknaden, og vilje til å prioritere deretter, seier Austigard.

Beheld høgare utdanning
Etter salet av Samlaget Utdanning, har Samlaget att felta born og ungdom, skjønnlitteratur for vaksne, sakprosa, tidsskriftet Syn og Segn, ordbok og høgare utdanning.

Austigard fortel at det ikkje har vore aktuelt å selje ut det nærliggjande feltet høgare utdanning.

–  Vi vurderer høgare utdanning som eit språkpolitisk viktig felt. Vi veit at enkelte av verka på høgare utdanning har hatt betydning for språkbruk og målform i enkelte fag. Det ligg så nært opp til måla for stiftinga, at vi ville ha det med vidare. Det same kan seiast om ordbok, fortel Austigard. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...