Heim Nyhende – Nynorsken må avmystifiserast

– Nynorsken må avmystifiserast

Nynorsk har aldri vore ei kampsak for Torgeir Dimmen (54). Likevel gler han seg til å kveikje nynorskgløden hjå lærarane.

I ungdomsskuletida var Torgeir Dimmen medlem av den eksklusive klubben Club of Bachelors, eller CB-klubben som han blei omtalt i kvardagen. Per Halse, som seinare vart rektor ved Høgskulen i Volda, fortel om ei fargerik tid på ungdomsskulen i Ørsta.

– Me vart ein god kameratgjeng, som hadde det kjekt saman både i friminutta, på bedehuset, i heimane og rundt i fjella.

CB-klubben var ein måte å vri konfirmantalderen sine jenteproblem i ein morosam retning på.

– Me hadde mykje moro i den klubben. Etter kvart som me ikkje lenger stetta krava til ordinært medlemskap, fekk me alle status som æresmedlemmer, seier Halse.

Sjølv gifta han seg sist sommar, med Dimmen som forlovar.

Halse er ein av dei mange som strør rundt seg med godord når det kjem til Torgeir Dimmen. Torgeir Dimmen, som no er aktuell som ny leiar for Nynorsksenteret, har lang erfaring frå undervisningsstillinga si ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Han har dessutan undervist i nordisk og mediefag ved lærarutdanninga. Ei tid som informasjonsleiar ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta kjem også godt med i den nye jobben. I tillegg meiner Halse kameraten har den rette familiehistora til å ta over jobben etter Anne Steinsvik Nordal, som har styrt senteret sidan starten i 2005.

– Å vere lærarson frå Ørsta er langt på veg ein sterk kvalifikasjon i seg sjølv, slår Halse fast.

Senteret Dimmen tek over, har i dag elleve tilsette og er eitt av åtte nasjonale senter som Kunnskapsdepartementet har oppretta for å styrkje opplæringa på ulike fagområde.

– Mandatet vårt er ikkje å meine så mykje språkpolitisk, men å lage ei best mogleg nynorskopplæring i skulen frå barnehage til vidaregåande, seier Dimmen.

På nynorsksenteret sit kollega Janne Karin Støylen. Også ho er raus med godorda og kallar Dimmen både omgjengeleg, skvær og raus.

– Han har allereie funne fram ein konkret og effektiv måte å leie Nynorsksenteret på som er inkluderande, tydeleg og med god styringsfart. Eg er sikker på at han kjem til å leie senteret på ein førsteklasses måte framover.

Starten har ikkje berre vore enkel. Kristin Halvorsen og forslaget om å fjerne sidemålskarakteren i den reviderte læreplanen sette tonen for Dimmen sin oppstart i ny jobb.

– Dei første vekene har vore både hektiske og lærerike. Utsegna frå kunnskapsministeren har teke mykje tid. Det har ikkje vore mykje tid til å lese seg opp; ein er blitt kasta rett inn i det.

Sjølv om Nynorsksenteret ikkje har markert seg i debatten om nynorsken og sidemålet sin plass i det nye norskfaget, betyr ikkje det at senteret ikkje er engasjert.

– Dette går rett inn i kjernen av mandatet vårt, og for oss er det sjølvsagt svært viktig å vere med i den prosessen som føregår akkurat no. Men me kjem med innspela våre direkte til Utdanningsdirektoratet og ikkje i avisspaltene.

Derimot vil Dimmen gjerne snakke om korleis ein kan inspirere nynorsklærarane til å undervise på ein spanande måte.

– Nynorsk må avmystifiserast, skriftleg og munnleg nynorsk er ein sjølvsagd og naturleg del av språket norsk. All røynsle viser at auka kunnskap om nynorsk og auka kompetanse i nynorsk reduserer fordommane. Lærarar og lærarstudentar bør difor få betre opplæring i kva nynorsk er, og kvifor det er bra for alle nordmenn å kunne nynorsk.

Nynorsksenteret har mange tiltak for å styrkje nynorskopplæringa, og nettsidene deira fungerer som ein ressursbank for lærarar som er på leit etter nynorsk materiell. I tillegg gir dei økonomisk støtte til prosjekt dei har tru på. Dimmen trekkjer særleg fram to suksesstiltak: å bruke nynorske lærebøker og nynorsk som tavlespråk i andre fag enn norsk og å introdusere målforma så tidleg som i tredje eller fjerdeklasse i bokmålsskular.

– Må me tenkje nye og kreative tankar for å kveikje nynorskgløden i skulen?

– Dersom nynorsken ikkje skal ende på museum, må me vere viljuge til å vurdere gamle standpunkt og gamle argument på nytt og ikkje avfeie all kritikk som usakleg tull. Verda, inkludert språkstoda i Noreg, ser annleis ut i dag enn for tjue eller førti eller hundre år sidan. Sanningar som gjaldt då, er ikkje nødvendigvis gyldige i dag.

Verda ligg der ute, og Torgeir Dimmen veit det er mange land med andre historier, historier som gir nye perspektiv. Som lærar på journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda fekk Dimmen oppleve India, eit land med 1,2 milliardar innbyggarar.

– Me reiste ned på studieturar til India, eit land som har over 20 offisielle og fleire hundre lokale språk. Indarane er fleirspråklege, me møtte mange studentar som veksla mellom to-tre språk dagleg. Det var interessant å observere at det ikkje var noko problem. Her, derimot, blir det oppfatta som spesielt at me har tre språk.

På desse studieturane vart medielærarane og studentane kjende med ein heilt annan kultur og ein annan måte å leve livet på.

– Me skal vere litt audmjuke her i landet og ikkje tru at vår vestlege måte er den einaste rette, seier han.

Han blir inspirert av entusiastiske og positive folk og ser fram til å ta fatt på nye oppgåver ved Nynorsksenteret.

Kamerat Per Halse dreg også fram den praktiske sida av Dimmen. I følgje Halse har den tidlegare kollegaen lagt ned mykje godt handarbeid i bygging av eiga hytte, steinlegging og muring.

– Det er ein draum, det, å vakne på hytta ein finvêrslaurdag utan avtalar. Eg drøymer også om å reise meir der eg vil, både i Noreg og i andre land, seier han sjølv.

Eigentleg er lærarsonen frå Ørsta utdanna journalist, men enda opp som lærar.

– Hadde eg satsa på journalistikken, hadde eg kanskje hamna i ein situasjon der eg måtte velje vekk nynorsken. Det er ein språkpolitisk kamp det også, å få lov til å skrive nynorsk i alle dei store avisene. Det har jo vore ei viktig kampsak for målrørsla.

Som student på 1980-talet først i Oslo og så i Trondheim var han i mindretal som nynorskbrukar, men noko problem var det aldri.

– Nynorsk har alltid vore eit naturleg val for meg. Far var lærar og målmann, ja mor og eigentleg alle rundt meg var det.

Dimmen er filminteressert. Så interessert at han i si tid skreiv hovudoppgåve om Glaskula og spegelen. «Kjærleikens ferjereiser» som roman og film. Og så interessert at han no engasjerer seg i sonen si filmoppgåve på vidaregåande.

– Me ser mafiafilmar som Gudfaren og Sopranos og diskuterer. Då likar far seg, seier han og ler.

– Eg skulle gjerne sett meir film, men eg har ei pinglete kone når det kjem til sterke scener, så i kampen om fjernkontrollen i heimen må me ofte inngå kompromiss.

 

SJØLVMELDING

Namn: Torgeir Dimmen

Alder: 54

Bur: Volda

Sivil status: Gift, tre born

Aktuell: Starta 1.januar som leiar for Nynorsksenteret

Les: Aviser, og romanar og biografiar som er godt skrivne. Eg irriterer meg fort over platt og dårleg språk og legg lett bøker frå meg halvlesne, same kor opphausa dei er av forlaga.

Høyrer på: P2

Førebilete: Nelson Mandela

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...