Heim Nyhende Spleisar på ingeniørar

Spleisar på ingeniørar

Fire industribedrifter på Stord har gått saman om å dekkje regionen sitt skrikande behov for ingeniørar.

 

 

– Industrien i heile Sunnhordlandsregionen har stor trong for ingeniørar. Vi er dessutan ikkje spesielt sentralt plasserte, så det er vanskeleg for oss å få nok fagfolk til å kome hit for å arbeide, seier Trond Haga frå Kværner Stord. – I staden for å sitje og vente på at ting skal ordne seg, sette vi derfor i gong og laga vår eiga utdanning.

Saman med bedriftene Advantec, Wärtsilä og Apply Leirvik har Kværner dermed greidd å få på plass ei 2-årig fagskuleutdanning innan elektro og maskinteknikk. Dei første 35 studentane sette seg på skulebenken i oktober.

Spleiselag
Desse fire bedriftene har i dag om lag 3000 arbeidsplassar og driv med bygging av offshoreinstallasjonar, oljeservice, design og bygging av framdriftsmaskineri til skip og skipsdesign. Til pilotprosjektet Teknisk utdanning i Sunnhordland har dei no fått 2,2 millionar kroner frå Hordaland fylkeskommune. Dei involverte bedriftene har gjeve tilsvarande beløp, slik at prosjektet no har 4,4 millionar kroner til rådvelde. Samarbeidsrådet for Sunnhordland har òg gjeve ein mindre sum i spleiselaget.

Sjølve gjennomføringa av studiet er også eit stort spleiselag: Bergen tekniske fagskule er ansvarleg for tilbodet og står for gjennomføringa av undervisninga saman med Stord vidaregåande skule. Sistnemnde held også lokale for skulen. Bedriftene sjølve bidreg også tungt med lærekrefter.

Neste steg
– Utdanninga av ingeniørar er tenkt gjennomført trinnvis, og det første steget er den tekniske fagskulen, seier Trond Haga. – Neste steget er ingeniørutdanning ved Høgskulen i Bergen, med assistanse frå Høgskulen i Haugesund. Her planlegg ein å ha dei same to studieretningane; elektro og maskinteknikk.

– Vi planlegg oppstart av det første kullet med ingeniørhøgskolestudentar hausten 2012. Da vel vi å starte med ein klasse på elektroingeniørlina. Året etter reknar vi med å ha i gong ein elektroingeniørklasse, fortel Haga.

Ønskjer master
– Dette er ei utdanning der vi legg til rette for vidareutdanning av fagarbeidarane våre, forklarar Trond Haga. – Men vi har ambisjonar om å kunne tilby studentane våre masterkurs når dei har avslutta fagskulen og bachelorstudiane, slik at studentane kan gå frå fagmann til sivilingeniør

For å ha høve til å gjennomføre dette studiet har studentane fått tilbod om å gå ned i to tredelar av stillinga si. Det betyr i praksis at dei går på skule éi veke og jobbar i to. For å kompensere for lønstapet får dei eit tilskot frå verksemdene som gjer at dei totalt kjem opp i 80 prosent løn.

Mange vil studere
Interessa for å delta på fagskulen har vore stor. Med to klassar på til saman 35 plassar var det mange søkjarar som ikkje kom med i denne omgangen. Ein av dei som greidde å få plass, var Bjarte Urdal. Han jobbar i dag som instruktør på opplæringsavdelinga på Kværner Stord. Han er utdanna industrimekanikar og kontrollør for løftereiskap. Målet hans er å fullføre ei ingeniørutdanning, og då er to år på fagskule ein god start.

– Det eg får ut av dette, er meir kompetanse i jobben og større tryggleik seinare i livet, seier han. Han tenkjer då på den store etterspurnaden det er etter ingeniørar, og som ektefødd stordabu ser han for seg at ei slik utdanning vil gje han godt grunnlag for ha sikker jobb i framtida.

– For meg passar denne utdanninga veldig godt. Eg hadde eigentleg planar om å byrje på Bergen tekniske fagskule i haust, men no tek eg heller dette her.

Bilettekstar:

PÅ SKULEBENKEN: 35 tilsette frå fire ulike industribedrifter på Stord har fått plass på det toårige fagskuletilbodet bedriftene skipa til i haust. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)

ANSVARLEGE: Bergen tekniske fagskule og Stord vidaregåande skule tek seg av undervisninga. Frå venstre: Rektor Torbjørn Tvedt ved Bergen tekniske fagskole, rektor Leif Helge Engelsen ved Stord og Reidar Bøen, avdelingsleiar og næringslivskontakt ved Bergen tekniske fagskule. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...