Heim Nyhende I Løland sine fotefar

I Løland sine fotefar

– Suksess, trass i mål som ikkje vart nådde
Prosjektfasen har vore lang – fem år – men fem år måtte ein kanskje ha om ein skulle få gjennomslag for dei to sentrale prosjekta som er framheva i forprosjektet: Eit senter for nynorsk barnekultur og litteratur på Sand og eit sterkt nynorskmiljø knytt til Lølandstova og Asker Museum. Dette skulle danna grunnlaget for ei vidareføring av arbeidet til Løland-markeringa og skapa interesse for å utvikla norsk barne- og ungdomskultur med utgangspunkt i lokal identitet og kulturforståing. Slik vart det diverre ikkje, men dagleg leiar i prosjektet, Marny Skeie Henkel, er ikkje med på at prosjektet har feila av den grunn:

 

– Nei, så absolutt ikkje! Nokre vil kanskje hevda at prosjektet ikkje kom i mål i og med at Lølandstova og det nasjonale senteret ikkje er på plass. Til det vil eg seie at når det gjeld det nasjonale senteret, så tykkjer eg faktisk at me alt er komne mykje lenger i prosessen enn det som eg hadde trudd på førehand. Mykje er på plass allereie, og Ryfylkemuseet forvaltar midlane på ein god måte. Når det gjeld Lølandstova i Asker, så vart eg som så mange andre skuffa. Når ordføraren i Asker pensjonerte seg, gjekk på mange måtar interessa for det prosjektet opp i røyk saman med han, seier Henkel.

Tidlegare fylkesordførar i Rogaland Roald Bergsaker er litt spissare i vurderinga si:

– Det må eit nasjonalt senter til for at dette skal setja varige spor. Hadde me fått til det i Suldal, så ville det vore heilt fantastisk, seier han og legg til:

– Skal prosjektet stå seg som noko meir enn det det var, så lyt me få dette på plass. Det vart etter kvart eit av hovudmåla i prosjektet saman med oppbygginga av Lølandstova i Asker. Det ville vore trist om ingen av desse to prosjekta skulle bli ein realitet. Eg lyt innrømma at eg vart rimeleg vonbroten då Asker kommune valde å trekkja attende midlane som var øyremerkte til Lølandstova, seier Bergsaker.

– Ein må våga å ta sjansen no
Hovudmålet for den fem år lange markeringa var altså etableringa av eit nasjonalt nynorsk barnekultursenter på Sand, står det å lesa i rapporten. Senteret har no kome inn i planane for Suldal kommune og Rogaland fylkeskommune, og det har kome med i statsbudsjettet som auka løyving til Ryfylkemuseet. Ein har opna den første interaktive utstillinga, Kvitebjørnen, som skal bli ein del av det framtidige senteret, og Ryfylkemuseet har allereie lyst ut den første stillinga.

Åse Elin Langeland, som er forfattaren bak sluttrapporten, er særs tydeleg på kva som bør vera vegen vidare. Ho skriv fylgjande i konklusjonen om prosjektet:

– Dersom Løland-senteret skal bli det nasjonale senteret som Løland-markeringa har arbeidd for, er det viktig å få på plass ein leiar som kan føra eit slikt prosjekt i mål. Til hjelp i dette arbeidet bør det planlagde nasjonale rådet snarast etablerast for hjelpa til i arbeidet med å gje senteret eit innhald og det økonomisk fundamentet som skal til for å bli ein nasjonal arena, heiter det i sluttrapporten. Her må ein ikkje berre sjå sjansen, ein må våga å ta han. Ideen er nemleg så god at om ikkje museet grip han, vil andre gjera det. Her må kommunen og fylkeskommunen støtta. Ein må tenkja stort. Ein må tenkja dristig. Ryfylke må forstå kva arv dei har fått, og føra stafettpinnen vidare slik at det blir eit nasjonalt Løland-senter, konkluderer altså forfattaren bak sluttrapporten. Ho legg heller ikkje skjul på at visse ting hastar:

– No må ein arbeida vidare med planane for finansiering av senteret medan interessa og engasjementet for Løland-markeringa framleis står sterkt. Eit første mål burde vera å sikra seg Rasmussen-sjøhuset, som no er til sals. Senteret treng òg eit styre og ein leiar som deler dei nasjonale og internasjonale ambisjonane. Og som ordførar Torkel Myklebust skriv: «[Dette er] ein unik sjanse til å verta vertskap for eit nasjonalt senter med fokus på barn og unge.»

Ein kan på mange måtar seia at rapporten sitt sluttord også seier noko om vegen vidare.

«No må det skapast, sidan kan me undra oss.»

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...