– Personleg engasjement avgjerande
Rapporten listar opp fleire faktorar som var med på å gjera prosjektet til ein suksess. Heilt avgjerande for prosjektet var det at så mykje av pengane var på plass allereie før dagleg leiar var tilsett, heiter det i sluttrapporten. Slik kunne dagleg leiar bruka kreftene på gjennomføring av prosjektet i staden for å leita etter sponsorkroner. Det vert også hevda at ein i ettertid kan konkludera med at det grundige forarbeidet med idédugnader og sjølve forprosjektrapporten var ein suksessfaktor for markeringa. Her blei lekfolk og fagfolk involverte i utforminga av prosjektet, og slik var det mange som fekk eit eigarforhold og eit personleg engasjement til Rasmus Løland-markeringa.
Tidlegare fylkesordførar Roald Bergsaker sat sjølv med taumane i starten, og han seier seg einig i akkurat dette:
– Ja, det er sant. Eg trur at løyndomen bak suksessen ligg i at me hadde ein særs god kjemi i styringsgruppa. Alle ville få dette til. Entusiasmen dei andre viste for prosjektet, smitta over på meg. Gjennom deltakinga mi vaks interessa mi meir og meir for Løland si dikting. Det er noko heilt spesielt med den. Livet på bygda. Det rare i ting du trudde du såg … Eg vart i tillegg utruleg nyfiken på han og den nære kontakten han hadde med Arne Garborg.
Eit breitt kulturprosjekt
Løland-markeringa formulerte som sagt ti konkrete hovudmål for 2007 og 2011 og planla og gjennomførte mange ulike tiltak for å komma dit. Sluttrapporten konkluderer med at svært mange av desse måla vart nådd. Skuleelevar har blitt engasjerte i mange ulike prosjekt kring Rasmus Løland, ikkje berre i 2007 og 2011, men i heile femårsperioden, heiter det i konklusjonen. Vaksne i barnehage, skule, kulturskule og bibliotek har blitt engasjerte og inspirerte av Rasmus Løland og arbeidet hans og har formidla dette vidare til barn og unge. Løland-miljøa både i Asker og Suldal har fått påfyll og konsolidert seg, og slik kan dei vera ei viktig inspirasjonskjelde for utvikling av det beste i norsk barnekultur også i framtida, slår rapporten fast.
Kultursjef Aud Marit Hauge utfyller konklusjonane i rapporten:
– Det er vanskeleg å måla kva som ligg att hjå folk. Kva har satsinga betydd for elevane på skulane, for deltakarane på skrivekurs, for publikumarar på teater, for reisande med ferja, ja alle som har vore aktive deltakarar eller passive tilskodarar? Løland-markeringa har ikkje først og fremst vore ei markering av ein daud forfattar, men like mykje eit breitt kulturprosjekt med fokus på språk og identitet, seier ho.
Ved å satsa på det pedagogiske pilotprosjektet Kvitebjørnen – undrande og lærande, har Løland-markeringa også sett fokus på barne- og ungdomskultur, lokale tradisjonar og identitet. Dette er eit prosjekt som held fram i 2012. Signala så langt er at arbeidet har vore interessant og lærerikt for dei skulane og elevane som er med, men at det har vore vanskeleg å få skular til å delta, heiter det i rapporten. Det vert også sagt at Løland-markeringa gjennom Kvitebjørn-prosjektet stimulerer til dokumentasjon og forsking som kan gje ny innsikt i barn sine vilkår og situasjonen for nynorsk skriftkultur.