Heim Nyhende Ny vår for nynorske julesongar

Ny vår for nynorske julesongar

Det hev ei rose sprunge og Det lyser i stille grender er kjende og kjære julesongar på nynorsk. Kva med dei andre nynorske julesongane? Blir dei sungne i kyrkja, på skulen, i barnehagen og i dei norske heimane? Eller ligg dei og støvar ned saman med gamal julepynt?

Jul er tradisjon. Det gjeld også songane vi syng i jula. Sjølv om vi år etter år syng dei same julesongane og elskar dei, er det er ikkje tvil om at vi også byrjar å bli litt desperate etter nye. Dei siste åra har det blitt stadig meir populært å syngje julesongar på norsk.

Set om til nynorsk

Kjell Inge Torgersen frå Stavanger har erfaring i å skrive om engelske songar til nynorsk. Han har tidlegare gjort det med Sting sine songar. Nå har han gjort det same med kjende amerikanske julesongar. Han gir dette året ut plata «Julelegender». I tillegg til kjende utanlandske julesongar i nynorsk språkdrakt inneheld plata nyinnspelingar av tradisjonelle norske julesongar og heilt nye, eigenkomponerte julesongar.

– Sjølv om mange av dei amerikanske julesongane har blitt ein del av den norske juletradisjonen, trur eg likevel vi er best i norsk, seier Kjell Inge Torgersen til Nynorsk pressekontor (NPK).

– Det er det norske språket vi har det sterkaste forholdet til, seier han om plata på YouTube.

Nokre av songane han har skrive om og omsett til nynorsk, er Christmas song, Have Yourself a Merry Little Christmas og Joy to the world. Dei nynorske titlane på desse songane er Song om jul, Desse gylne dagar og Gled deg allverd.

– Ei fryd å syngje på nynorsk

– Eg har gjendikta dei amerikanske songane til eit syngbart nynorsk. Det er ei fryd å syngje desse songane nå som dei står fram både nye og gamle samstundes. Musikk du trur du har høyrt før, seier han på YouTube.

Torgersen er fullt klar over at folk er svært tradisjonelle når det gjeld alt som har med jul å gjere, men han trur likevel publikum er opne for ein liten vri på dei kjende songane.

– Jul er både tradisjon, overraskingar og nye ting, seier han til NPK.

Når Torgersen skriv songtekstar, er valet av målform enkelt.

– Då er nynorsk det heilt naturlege valet. Som songar er eg oppteken av fonetikk; kva lydar som er gode å syngja på, og når eg kan forsyna meg av gode, opne vokalar på nynorsk, så er det rikt, seier Kjell Inge Torgersen til NPK.

Den store stjerna

I 1987 gav Sissel Kyrkjebø juleplata «Glade jul», som mellom anna inneheldt songen  Den store stjerna med tekst av Trygve Hoff. Songen blei laga for at Kyrkjebø skulle ha ein ny julesong til juleplata ho skulle gje ut. Sidan det var tenkt at det skulle bli ein song for alle, skulle han skrivast på ei av dei to offisielle norske målformene. Og sidan Hoff fann det uråd å skrive om «stjernen», blei songen på nynorsk.

Plata og songen blei ein suksess. 2. desember 1987 kunne avisene melde at Sissel Kyrkjebø hadde slått alle salsrekordar med juleplata si. Same dagen døydde Trygve Hoff, fortel Wikipedia.

Folkekjær nynorsksongar

Vel 20 år seinare gir Sissel Kyrkjebø ut albumet «Strålande jul» saman med den folkekjære songaren Odd Nordstoga.  Her er fleire av songane på nynorsk, mellom anna Elias Blix-omsette Den fagraste rosa. Det er andre norske songarar som også har gjeve ut nynorske julesongar, men det er ingen som kan folkeleggjere språket slik som Odd Nordstoga – utan at det verkar krampaktig, harry eller unaturleg.

Sidan har det kome fleire til. I år er det mellom anna Inger Lise Stulien sin tur. Ho er klar med plata «Heim te Jol». Ho er busett i Setesdal. Stulien er allmennlærar og underviser mellom anna i musikk og språk i grunnskulen.

Allereie som fireåring debuterte ho som songar i radio hos NRK Sørlandet, og ho har lege på listetoppen der fleire gongar. «Heim te Jol» inneheld fleire kjente julesongar skrivne om til nynorsk, mellom andre Glade jol og Eg er så glad kvar julekveld. I tillegg inneheld Stulien si plate eigenkomponerte songar som Ein engel te jol, Eit julekort og Smelta snø, fortel Agderposten.

Salmeboka avgjer

Arild Slinde er organist i Indre Sogn prosti. Han speler i fem kyrkjer; Stedje, Norum, Kaupanger, Fjærland og Leikanger. Han er organist midt i det tjukkaste nynorskbeltet. Korleis er det med bruken av nynorske julesongar under dei julegudstenestene han er med på der?

– Vi bruker Norsk salmebok og ei salmebok som heiter Salmer 1997, som er eit tillegg til Norsk salmebok. Kva målform julesongane blir sungne på, avheng av kva målform dei er tilgjengelege i i salmeboka. Det blir nok ei overvekt av julesongar på bokmål, sjølv om prestane her vel den nynorske versjonen om han finst i salmeboka, fortel organisten.

Sølvi Irene Vinnes er frå Ålesund, bur i Sandnes i Rogaland og jobbar som lærar i ungdomsskulen. Ho har skrive ei hovudoppgåve der ho samanliknar Brorson og Grundtvig, to danske diktarar som mellom anna skreiv julesongar. Ho har dermed blitt litt ekstra interessert i julesongar, også norske julesongar.

– Årsaka til at eg er så oppteken av julesongar, er at det er den siste fellesarenaen, den siste felles kulturarven vi deler på tvers av generasjonane når det gjeld songar som vi alle kan og syng i lag, seier Vinnes til LNK-avisa.

Blix var ein pioner

Ho peikar på Elias Blix som ein pioner når det gjeld å skrive julesongar på nynorsk. No koma Guds englar og Kling no, klokka er blant dei mest kjende. Det kan elles nemnast at det neste år er 100 år sidan han døydde, og at det blir eit jubileum med mellom anna teaterframsyningar for salmediktaren som skreiv over 200 salmar.

Sjølv har Sølvi Irene Vinnes vakse opp med nynorske julesongar på skulen og i kyrkja og julesongar på bokmål heime.

– Eg har eit dobbelt sett med julesongar, og det ser eg på som ein ressurs, slår ho fast.

Som lærar er ho oppteken av å fortelje elevane kor flott både lyrikk og songar kan vere på nynorsk. Ho er også oppteken av å vise kor nært nynorsk ligg talemålet deira.

– Eg synest nynorsk er mykje vakrare enn bokmål. Bokmål opplever eg som litt stivt. Nynorsk opplever eg som litt nærare, i og med at det ligg nær opp til dialekten mi, seier ho på syngjande Synnmøre-dialekt.

Syng sjølv på nynorsk

Ho har vore medlem i koret Skruk sidan 1981, og denne helga skal dei ut på juleturné i heimfylket hennar, Møre og Romsdal.

– I Skruk er det ikkje aktuelt å synge julesongar på bokmål, fortel ho.

Konklusjonen må vere at jo, dei nynorske julesongane blir brukte, men om du brukar dei sjølv eller høyrer andre bruke dei, kjem litt an på kor du bur eller kva konsert du går på, kva plate du kjøper, og kva målform du ønskjer å bruke og høyre.

 

Les også kva NRK skriv om å synge på nynorsk og dialekt.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...