Heim Nyhende Populært hefte om kropp og helse

Populært hefte om kropp og helse

Vox sitt temahefte på nynorsk om kropp og helse kunne i år fått status som bestseljar, om det ikkje var for at det var gratis.

Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, Vox, har flytta til nye lokale. I samband med flyttinga har dei tømt lagera. Bøker og hefte er selde til låge prisar eller delte ut gratis. Temaheftet om kropp og helse er utvikla til bruk i norskopplæringa for framandspråklege. Det er i stor grad innvandrarkvinner som sjølv har utforma heftet, og det er særleg retta mot deltakarar med kort skulegang frå heimlandet. Det har eit enkelt og lettfatteleg språk.

Mange klassesett

Seniorrådgjevar Helga Arnesen i avdelinga for integrering fortel om stor interesse.

– Vi har sendt ut fleire hundre hefte. Mottakarane betalar berre porto. Interessa har ikkje berre vore frå dei som driv med språkopplæring, vi har også sendt heftet som klassesett til fleire vidaregåande skular med studieretning for helse- og omsorgsfag. Det enkle språket gjer at heftet høver godt også for dei, seier Arnesen og legg til at det framleis finst nokre hundre hefte att. Dei kan tingast gjennom Vox si heimeside www.vox.no.

Nynorsk no!

Vox arbeider også med materiell for førstegangsopplæring i norsk. Eitt av satsingsområda er å få inn meir nynorsk, og i haust er tekstbok og arbeidsbok til læreverket «Nynorsk no!» lansert på Fagbokforlaget. Det skal også lagast lydbok til dette læreverket. I 2012 skal også «NorskPluss» for spor 1 gjevast ut på Cyberbook i nynorskutgåve. Denne læreboka skal ha ei arbeidsretta vinkling. NorskPluss er eit komplett læremiddel med ein omfattande nettressurs tilpassa Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...

Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Handlingsplanen til regjeringa for norsk fagspråk møter kritikk frå professor som meiner regjeringa prioriterer det norske språket over kvalitet i forskinga. – Engelsk er språket...

Framtida Junior er årets nynorskbrukar

Framtida Junior fekk prisen "Årets nynorskbrukar 2023" for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne...
Mindre lokalt - meir sentralt: Frå Radiohuset til NRK på Marienlyst i Oslo. Foto: Wikipedia

NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og radio

Andelen nynorsk i NRK har auka noko, men det er framleis eit stykke igjen til målet, viser Medietilsynets tilsynsrapport for fjoråret. Direktør Mari Velsand i...