Heim Nyhende Fleirspråklege ressursar

Fleirspråklege ressursar

Jakta på beinet er ein digital læringsressurs som finst på www.hundespor.no.

Barna følgjer ein kvelp som har mista beinet sitt, og historia utfaldar seg i fire ulike miljø: i skogen, på fjellet, ved sjøen og i lufta. Undervegs får barna utfordringar som knyter seg til fagområda matematikk, samfunnsfag og norsk. I tillegg får barna opplest replikkar på det språket dei ønskjer: albansk, arabisk, engelsk, finsk, samisk, somali, tyrkisk og urdu, i tillegg til nynorsk og bokmål. Ein kan velje å høyre replikkane på ulike språk før ein går vidare.

Les også: Troll i ord – eventyrleg språkopplæring

I tillegg til Jakta på beinet finst det ei bok som heiter Kvalpen og eg, Mi fyrste skulebok. Her får barna bli med kvalpen inn i kvardagslege situasjonar på skulen, i naturen og i nærmiljøet. Boka legg opp til samtale og oppgåveløysing, og introduserer barna for ei rekkje kvardagslege omgrep. Boka finst i einspråklege utgåver, men også i tospråklege versjonar på albansk, arabisk, engelsk, kurdisk, nordsamisk, serbokroatisk, somali, tamil, tyrkisk, urdu og vietnamesisk.

Det er Margareth Sandvik (førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo), Lise Alant (førstelektor ved Høgskolen i Oslo) og Grom design som har utvikla Jakta på beinet og Kvalpen og eg.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...

Litteraturbåten Epos inviterer til litteraturcruise i Hardanger heile sommaren!

No kan du bli med den gamle bokbåten på tur blant bøker, bølger og bygder i Hardanger! Den 61 år gamle båten Epos har vore...

Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen

Korleis har litteratur på mindretalsspråket nynorsk enda opp med å vinne internasjonale prisar? Og kvar går vegen vidare? Dette er nokre av spørsmåla du kanskje...