Heim Nyhende – Nynorsk er på vikande front

– Nynorsk er på vikande front

Det er i alt 165 av landets kommunar som har ein eller fleire elevar med nynorsk som hovudmål. I heile 107 av dei har talet på nynorskelevar gått ned det siste året, skriv Jærbladet på leiarplass. 

I leiaren viser ein til at eit av måla med Språkåret 2013 er å skape større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarane, i tillegg til at fleire skal bli glade for at me har to språk. 

– Det er to gode og nødvendige målsetningar. Nynorsk er nemleg på vikande front. Stadig færre skuleelevar har nynorsk som hovudmål. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at det nå er vel 77.000 elevar som har nynorsk som hovudmål, og det er 1400 færre enn for eitt år sidan. I løpet av dei siste fire åra har talet på nynorskelevar gått ned med seks prosent, skriv Jærbladet. 

Leiaren peikar på at nynorsk som hovudmål blir også meir og meir eitt vestlandsfenomen. 89 prosent av alle nynorskelevane held til i dei fire fylka Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. 

– Også i mange kommunar som definerer seg som nynorskkommunar er det tilbakegang.Det er i alt 165 av landets kommunar som har ein eller fleire elevar med nynorsk som hovudmål. I heile 107 av dei har talet på nynorskelevar gått ned det siste året.

Avisa rosar jærkommunane Time, Klepp og Hå der dei meiner nynorsken står sterkare enn mange andre stadar. 

– Men det er ei fattig trøyst for dei som ønskjer at nynorsken skal verta sterkare så lenge tendensen til at fleire og fleire vel målforma vekk som hovudmål held fram.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...