Heim Nyhende Nynorsk girlpower på kvinnedagen

Nynorsk girlpower på kvinnedagen

At nynorsk er populært som litterært språk, er det ingen tvil om. No blir nynorskfana heva på sjølvaste 8. mars.

 

Då skal sju kvinnelege nynorskforfattarar – som på kvar sin måte representerer den nye bølgja – til pers på Litteraturhuset i Oslo.

– I dag tenkjer eg verkeleg ikkje over at eg skriv på nynorsk. Men det gir endå ein tryggleik, det at vi er så mange som skriv på nynorsk, seier Olaug Nilssen til NTB.

«Eit sant mirakel», skreiv Kjartan Fløgstad om den sterke veksten innanfor nynorsk skjønnlitteratur dei siste tiåra. Så er det også han som kjem for å samtale med forfattarane 8. mars.

– Det er smigrande å få vere med i dette laget, seier Nilssen. Som hugsar ei tid då ho faktisk lurte litt på om det verkeleg gjekk an å slå seg opp som forfattar – på nynorsk.

– No merkar eg i det heile ikkje noko «bokmålspress» lenger. Det har alltid vore heilt naturleg for meg å skrive på nynorsk, og no slepp eg heilt å forsvare eller legitimere at eg gjer det.

LES OGSÅ: Emma Watson startar feministisk bokklubb

Kronprinsessa spreier glans

Om bakgrunnen for at nynorskarrangementet er lagt til 8. mars, seier Nilssen:

– Eg bidrar ikkje med ein utprega feministisk tekst. Men det er jo ei samling kvinner som deltar, og det er stas.

Også kronprinsesse Mette-Marit kjem til arrangementet på Litteraturhuset tysdag. Olaug Nilssen trur ikkje det er tilfeldig når ein tenkjer på debatten den siste tida. Prinsesse Ingrid Alexandra skal nemleg ikkje ha nynorskundervisning på skulen, og det er det mange som har meint noko om.

– No synest eg berre det er veldig hyggeleg at kronprinsessa kjem. Det er ein signaleffekt i dette. Eg trur ho vil vise at nynorsk er viktig for henne. Eg trur også på det ho seier om at arveprinsessa blir eksponert for nynorsk i heimen, sjølv om det altså ikkje inngår i undervisninga hennar på skulen.

LES OGSÅ: Bannlyser gute- og jentebøker

Mangslungen

Ved sida av Nilssen kjem også Marit Eikemo, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Agnes Ravatn og Gunnhild Øyehaug til Litteraturhusets nynorskpower-arrangement.

Agnes Ravatn svarar NTB litt humoristisk på spørsmålet om kva ho trur er bakgrunnen for at så mange kvinnelege forfattarar skriv på nynorsk.

– Mange trur det kan ha noko med drikkevatnet å gjere, fleipar ho – men legg til at det uomtvisteleg er eit bra språk å uttrykkje seg på for folk med meir eller mindre nynorsknære dialektar.

Ho har sjølv aldri vurdert å skrive på bokmål. Det opplever ho som å miste litt kontrollen over stilen og tonen, ja, nesten som om ei blanding av Thorbjørn Egner og Kåre Willoch tar bustad i henne.

Ravatn seier ho er spesielt glad for at arrangementet viser fram eit stort mangfald blant nynorskforfattarane.

– Det finst visse førestillingar om korleis nynorsk litteratur «er». At han er veldig poetisk, for eksempel. Eller traust. Men litteratur på nynorsk er naturlegvis like mangslungen og uføreseieleg som all annan litteratur, og det vil bli ettertrykkjeleg bevist 8. mars. (©NPK)

LES OGSÅ: Sjå kva som er Noregs mest rosa forlag!

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av nynorskkommunar – LNK. Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK: • LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera...

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...