Heim Nyhende Nynorsk litteraturhistorie samla for første gong

Nynorsk litteraturhistorie samla for første gong

Kva kjenneteiknar nynorsk skjønnlitteratur og nynorske forfattarskap? I eit nytt storverk på 680 sider kan folk no få innsikt i den nynorske litteraturen frå Ivar Aasen si tid og fram til i dag.

– Det har lenge vore snakka om at det burde finnast ei eiga nynorsk litteraturhistorie, men i den tidlege fasen lurte vi likevel på om det var rett at å laga ei eiga litteraturhistorie for nynorsklitteratur, fortalde forlagssjef Håkon Kolmannskog i Det Norske Samlaget då verket blei lansert på Nasjonalbiblioteket måndag.

For å få svar på spørsmålet sende han for fire år sidan ein e-post til Jon Fosse og spurde om det var grunnlag for ei eiga nynorsk litteraturhistorie. Fosse var tydeleg i talen og svarte eit eintydig ja på spørsmålet.

DØROPNAR: Professor i nynorsk skriftkultur, Jan Inge Sørbø, har skrive den første nynorske litteraturhistoria. Han håpar boka kan vera med å gje folk ny innsikt i nynorsk litteraturhistorie.
Foto: Margunn Sundfjord / NPK

I dag er historia samla og skriven. I to og eit halvt år har professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, Jan Inge Sørbø, dukka ned i over 150 ulike forfattarskap og teke for seg dei store linjene og ulike epokar frå Ivar Aasen si tid og fram til i dag.

Eigen tradisjon

Sørbø håpar den nye litteraturhistoria kan vera med å kasta nytt lyst over nynorsk litteratur.

– Eg trur ein får ny innsikt i nynorsklitteraturen ved å sjå på han som sin eigen tradisjon. Det betyr ikkje at han er uavhengig av annan litteratur. Men nynorsk litteraturen har nokre spesielle sider, seier han.

Han peikar mellom anna på at nynorskfolk gjerne hadde ei anna geografisk tilknyting og ofte såg dei litterære periodane frå ein litt annan vinkel enn andre forfattarar. Ifylgje forlaget viser Sørbø både korleis nynorske forfattarar har forma dei litterære periodane dei levde i – og opponert mot dei.

Ved å bruka sitt eige språk og erfaringane der dei kom frå, har nynorske forfattarar vore med på å gje stemme til folk frå ulike plassar i landet.

Rosar banebrytande kvinner

I boka løftar Jan Inge Sørbø fram ei rekkje forfattarskap. Ikkje minst har han vore oppteken av å trekkja fram nynorske kvinnelege forfattarar som han meiner ikkje har blitt nok påakta.

– Ser ein på dei store kvinnelege forfattarane har nesten alle gjort nye, spesielle ting. Halldis Moren Vesaas skriv til dømes mykje meir lett og dansande enn store, tunge forfattarar som Aukrust og Nygard. Aslaug Vaa skreiv på si side filosofiske dikt som var heilt eineståande, og Marie Takvam føregreip mange litterære periodar før dei kom, seier han.

Poeten Eldrid Lunden er også blant dei han nemner spesielt. Det same er sunnhordlandsforfattaren Karin Moe.

– Alle desse store kvinnefigurane bryt ut. Fordi dei bryt ut står dei alltid i fare for å bli marginalisert, seier han.

Det har han prøvd å gjera noko med.

– Eg prøvd å ha eit blikk på å få med kvinner og synest det er morosamt at eg har blitt kalla ein moderne feminist.

– Lys framtid

Sjølv om den nynorske litteraturhistoria inneheld mange forfattarskapar, har tilgangen på nynorske forfattarar ikkje alltid sett like lovande ut. På slutten av 1950-talet og byrjinga av 1960-talet var situasjonen kritisk.

– På eit heilt tiår var det ganske få forfattarar som debuterte på nynorsk. Då var det bekymring for at den nynorske litteraturen kom til å døy ut, seier Sørbø.

I boka vitsar han med at nynorsklitteraturen blei redda av dåverande kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik og Bob Dylan. Poenget er at Bondevik var med å innføra innkjøpsordninga, som blei viktig for nynorsklitteraturen. Det same blei studentrevolusjonen med distriktsopprør og radikalitet.

– Det var ting som passa nynorsken veldig godt. Samtidig kom det store etterkrigskull som tok til å skriva bøker. Då vart det brått ei heilt ny stemning.

I dag ser professoren og forfattaren lyst på framtida til nynorsklitteraturen.

– Framtida til nynorsklitteraturen ser god ut. Det har aldri debutert så mange nynorske forfattarar. Nynorskforfattarar får veldig mange prisar. Det er også mindre fordommar mot å lesa nynorsk.

Sørbø meiner også at nynorsk litteratur har hatt ein språkleg smitteeffekt.

– Når så mange nynorskforfattarar skriv så gode bøker, får også andre lyst til å skriva bøker på nynorsk. Vi ser no ein tendens til at folk i byane, utan spesiell nynorskbakgrunn, vel å skriva på nynorsk, seier han.

Les også: Ottar Grepstad utnemnd til riddar

Markerer jubileum

Det er Det Norske Samlaget som står bak utgjevinga av storverket. Utgjevinga markerer at forlaget i år fyller 150 år.

STOLT OG GLAD FORLAGSDIREKTØR: Forlagsdirektør i Det Norske Samlaget meiner den nynorske litteraturhistoria gjev eit strålande oversyn over den nynorske litterturen.
Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Forslagsdirektør Edmund Austigard seier forlaget bevisst har valt å markera jubileet med å ha søkjelys på nynorske forfattarar og litteraturen dei skriv, i staden for ei bok om Samlaget som institusjonen.

– Det meiner eg er heilt rett. Når vi først gjer eit slikt løft, viser vi kor stor den nynorske litteraturen har blitt, seier Austigard.

Han strekar likevel under at det er mange andre forlag enn Samlaget som har vore viktige for den nynorske litteraturen.

– Det er ein samla norsk bokbransje som har gjeve ut og ført nynorsk litteratur fram dit han er i dag, seier Austgard. Han meiner difor det er mange som har ein skjerv i den nye nynorske litteraturhistoria.

Les også: – Den beste kjensla er når eg har ein idé og den byrjar å utvikle seg

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...

Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Handlingsplanen til regjeringa for norsk fagspråk møter kritikk frå professor som meiner regjeringa prioriterer det norske språket over kvalitet i forskinga. – Engelsk er språket...

Framtida Junior er årets nynorskbrukar

Framtida Junior fekk prisen "Årets nynorskbrukar 2023" for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne...
Mindre lokalt - meir sentralt: Frå Radiohuset til NRK på Marienlyst i Oslo. Foto: Wikipedia

NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og radio

Andelen nynorsk i NRK har auka noko, men det er framleis eit stykke igjen til målet, viser Medietilsynets tilsynsrapport for fjoråret. Direktør Mari Velsand i...