Heim Nyhende Nynorsk mistar grepet i Tysvær

Nynorsk mistar grepet i Tysvær

Stadig fleire grunnskuleelevar i nynorskkommunen Tysvær i Rogaland vel bokmål. Sjølv på Tysværvåg barne- og ungdomsskule, som har lang tradisjon med reine nynorskklassar,vel stadig fleire vekk nynorsk.

For sju år sidan hadde ikkje elevane noko val når dei starta på Tysværvåg barne- og ungdomsskule. Det var nynorsk som var målet. Etter at det blei muleg å starte bokmålklassar er bokmålelevane nå i fleirtal.

– Det blir stadig fleire elevar som vel bokmål. Det synest eg er trist, men eit tydeleg teikn i tida. Kvifor det er blitt slik kan vere fleire grunnar til, men eg fryktar at det på sikt kan bli langt mellom elevane som vel nynorsk, seier rektor Borghild Yrkje til Tysvær Bygdeblad.

I dag er det 16-12 i bokmålfavør i 1. klasse. Størst utslag er det i 2. klasse kor talet er 19-8. I 4. klasse 10-6.

– Hadde dette vore ein bokmålskule så hadde dette betydd at det ikkje hadde vore nok elevar (10 red. anm.) til eigne nynorskklassar. At det nå nærmar seg 50-50 på skulen gjer også at vi har fått ei utfordring når det gjeld lærebøker og anna materiale som vi nyttar i skulekvardagen, seier rektoren.

Lokalavisredaktør Alf-Einar Kvalavåg utfordrar målfolket i kommunen til å kjempe for nynorsk.

– Finst det kampvilje nok til å halde på tradisjonane og språket i Tysvær, eller skal ein bare sitje å sjå på at bokmål tar over på arena etter arena, spør han på leiarplass.

Kvalavåg meiner noko av årsaka til at stadig fleire foreldre ønskjer at ungane deira skal ha bokmål som hovudmål er det at Tysvær er i ferd med å gro saman med bokmålskommunen Haugesund, at stadig fleire haugesundarar busett seg i Tysvær, utviklinga av Kårstø-anlegget, nye bustadfelt, veksande aktivitetsnivå  og at stadig fleire i kommuneadministrasjonen slepp å skrive nynorsk fordi dei ikkje kan.

– Til slutt har vi aktivitetar knytt til språk. Tidlegare var Noregs Mållag aktive og stadig framme i lyset med aktivitetar og kurs. Nå er det langt mellom kvar gong ein merkar at dei finst. Likevel kan ikkje dei aleine redde nynorsken, det må folket sjølv, slår lokalavisredaktøren fast.

Stadig fleire grunnskuleelevar i nynorskkommunen Tysvær i Rogaland vel bokmål. Sjølv på Tysværvåg barne- og ungdomsskule, som har lang tradisjon med reine nynorskklassar,vel stadig fleire vekk nynorsk.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...