Heim Nyhende Snart kan du låne e-bøker på biblioteket

Snart kan du låne e-bøker på biblioteket

Frå nyttår av byrjar dei første norske biblioteka med utlån av e-bøker. Biblioteksentralen har jobba i fem år for å få dette på plass.

– Det er to ting som må på plass før e-biblioteket er klart til å starte opp. Det er avtaler med alle forlag og utgjevarar av norske bøker, og også ein del utanlandske. Den andre tingen som må på plass er systemet vi skal nytta, som vi held på å setje om til norsk, fortel bibliotekfagleg direktør i Biblioteksentralen, Kjartan Vevle, til lnk.no.

Systemet som Biblioteksentralen har vald å nytte for det digitale biblioteket har allereie vore i bruk i to år i Tyskland, Austerrike og Sveits.

Biblioteksentralen er eigd av norske kommunar og er ei non-profit-bedrift, og har fordel av å vere så store at dei kan forhandle fram langt gunstigare avtaler enn dei einskilde biblioteka kan få til på eiga hand.

– Vi fungerer som ein slags bokhandel for biblioteka, seier Vevle.

E-biblioteket tilbyr utlån av e-bøker, lydbøker, film og musikk, som kan lastast ned på din pc, lesebrett, telefon, mp3-spelar eller kva slags teknisk løysing du nyttar. Det einaste som ikkje kan brukast i dette systemet er Kindle lesebrett, som har ei heilt spesiell avtale med Amazon.

Utlånet av digitale medium kjem til å fungere på same måte som ved utlån av fysiske medium.

– For å sikre at alle opphavsrettar blir fulgt og at forlaga, forfattarane, plateselskapa og musikarane framleis får betalt for det dei har gitt ut og laga, kjem vi til å nytte ein modell som er basert på korleis bibliotek tradisjonalt har blitt drive, seier Vevle.

– Det fører til at kvar fil bare kan lånast av ein person om gongen, og viss det er stor pågang på fila kan biblioteket kjøpe inn fleire lisensar, legg han til.

Viss du skal låne noko frå det digitale biblioteket går du inn på nettsida til ditt aktuelle bibliotek, du søkjer opp den e-boka du vil låna, så loggar du deg inn og får lasta ned e-boka. Låneperioden blir begrensa, som ved fysisk utlån, og når denne perioden er over blir fila sletta frå din konto. Då er e-boka klar for neste lånar.

Fordelen med e-biblioteket er at du kan låne det du ønskjer frå kvar som helst og heile døgnet uavhengig av om det er sundag eller ferie.

I LNK-avisa som kjem ut 31. oktober kan du lese meir om det digitale biblioteket, foregangsbiblioteka og kva effekt e-bøker kan få for mangfaldet i norsk litteratur.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...