Heim Nyhende Nynorsk: Ut med skole, kjøre, ljos og soli

Nynorsk: Ut med skole, kjøre, ljos og soli


Språkrådet har runda den første bøya i arbeidet med å revidere nynorsknorma. Etter den første gjennomgangen er det foreslått å setje strek over både skole, kjøre, ljos og drøm, sendte og ringte, kløyvd infinitiv og i-former som soli, opi og skrivi.

Etter framlegget skal det på nynorsk berre kunne heite skule, køyre, lys og draum, sende og ringde og sola, open – opent og har skrive.

No vil Språkrådet ha fleire reaksjonar frå språkbrukarane og inviterer høg og låg til å studere arbeidet som er gjort, på nettstaden sin. Der er det dessutan rom for å kaste seg inn i debatten på eit eige diskusjonsforum, Nynorsk 2011.

– Blant det som er mest oppsiktsvekkjande for mange, er at vi foreslår former som skole ut av norma. Det har vi fått mange reaksjonar på, så det er blant dei sakene vi må diskutere grundig, fortel leiaren for nemnda som Språkrådet har sett til å utarbeide ei stram og klammeformfri nynorsknorm, Grete Riise.

– Der vi har valt å stryke slike bokmålsnære former, er det samtidig slik at alternativa er utbreidde og dominante i nynorsk, seier ho.

– Men vi har ikkje konsekvent søkt mot tradisjonelle former i alle samanhengar, tvert imot har vi halde på mykje av det som er felles i bokmål og nynorsk, for eksempel velkommen med dobbelkonsonant og tenke utan j. Dei går vi inn for at framleis skal vere valfrie, seier Riise.

Hygg(j)eleg

Nemnda vil framleis ha jamstilling av ein del former med valfri ø/y, slik som først/fyrst og følgje/fylgje, mens andre går ut, slik som bytte for bøtte og nykel for nøkkel.

Og mens skole altså kan bli støytt ut og overlate til bokmålet, skal det framleis vere lov å skrive både muleg og mogleg. Men langforma mogeleg blir kasta ut saman med alternativa på –lig: mulig, moglig og mogelig.

Normnemnda held òg fast ved at det skal vere lov å velje mellom a- og e-ending på infinitiv, vere eller vera. Men det skal ikkje lenger vere lov å bruke kløyvd infinitiv, slik det er vanleg i ein del dialektar – det vil seie a-ending på somme verb, e-ending på andre: å vera, men å skrive.

Reaksjonar har dei fått mange av undervegs, ikkje berre på forslaget om å stryke skole og andre austnorske dialektformer. Mange vil òg halde på meir konservative ordformer, som ljos og i-mål. Det vekkjer kjenslene hos folk når det dei oppfattar som vanleg, blir tatt bort.

Ikkje einige om alt

Men einige om alt er ikkje dei sju i nemnda heller.

– Nei, da hadde det ikkje vore ei nemnd, seier Grete Riise.

– Det er klart vi er ueinige. Dei ulike synspunkta er representert i nemnda òg. Men eg håper likevel at vi klarer å kompromisse oss fram til eit forslag som andre kan ta stilling til.

– Du trur at nemnda klarer å samle seg bak eit endeleg forslag?

– Ja, fram til noko anna er bevist, er eg optimist. Vi har god stemning i nemnda. Eg meiner det hadde vore tragisk om vi ikkje hadde vore ueinige. Da hadde vi måtta lage ei ny nemnd, seier nemndleiaren.

Bare, noen, mye

Nokre få spørsmål har rettskrivingsnemnda latt stå opne i første omgang. Dei ønskjer særleg å høre kva nynorskbrukarane meiner om valfrie former som aleine/åleine, bare/berre, da/då, no/nå, mye/mykje, noen/nokon og so/så.

Dessutan vurderer nemnda å ta inn dokker som valfritt alternativ til pronomena de og dykk.

Alle vedtaka som nemnda har gjort så langt, er førebelse. Nemnda har ønskt å kunne gå tilbake og sjå heile norma under eitt – og ikkje minst ta reaksjonane med i vurderinga. Det skal dei i gang med no.

– Det er første gongen nokon har prøvd å normere på denne måten, med innspel utanfrå og med stor respekt for det som kjem til oss. Det er ein veldig spennande prosess, seier Grete Riise.

– Og så har eg lyst til å streke under: Dette er frykteleg vanskeleg. Når vi kjem inn på det som er kvardagsspråket vårt, så er det svært vanskeleg å styrke noko. Dei er knallvanskelege, ein del av dei vala vi gjer, slår ho fast.

Eit høringsforslag skal vere klart innan 1. februar neste år. Etter at høringsrunden er gjort unna, skal nemnda så levere eit endeleg forslag til styret i Språkrådet innan 1. april. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...