Eva Vinje Aurdal (Ap) blir ordførar i den nye storkommunen Ålesund, som blir Noregs største nynorskkommune.
 

Ingen andre stader i valkampen har det vore meir språkstrid enn i Ålesund. Lesarbreva har hagla i Sunnmørsposten, og det har nærmast kokt over i sosiale medium. «Nynorsk arroganse» og «tvangsmål og historieløshet» er nokre av karakteristikkane.

Bakgrunnen er at språknøytrale og stort sett bokmålsbrukande Ålesund skal slå seg saman med nynorskkommunane Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog. I avtalen mellom kommunane blir det slått fast at den nye kommunen skal ha nynorsk som målform.

Det betyr at staten må skriva til Ålesund på nynorsk. Det betyr òg at dei kommunale nettsidene, annonsane og brosjyrar blir på nynorsk. Internt vil framleis kommunetilsette kunne skriva bokmål – og bokmålsbrukarane i gamle Ålesund kan framleis få svar på bokmål.

Og ikkje minst: innbyggarane skal framleis få skriva nett som dei sjølv vil.

Raudgrønt sentrumssamarbeid

– Det har vore vanskeleg å kommunisera ut dette, særleg når enkelte politikarar ikkje har skjønt kva det dreier seg om, eller med vilje ikkje har skjønt det, seier Eva Vinje Aurdal på telefon til Framtida.no.

Onsdag kveld blei Arbeidarpartiet samde med KrF, SV, MDG, Raudt, Sp og Venstre om at ho blir ordførar i det som blir Noregs største nynorskkommune.

Før valet trudde Eva Vinje Aurdal at avtalen om nynorsk kunne kosta ho plassen som ordførar. Arbeidarpartiet mista over tolv prosent av stemmene.

Siste fra rådhuset i Ålesund er at Eva Vinje Aurdal (Ap) blir ordførar, mens Vebjørn Krogsæter (Sp) blir varaordførar. Foto: Siv Katrin Ulla

– Køyrte kampanje mot nynorsk

Særleg Ålesundslista har køyrt beinhardt på motstand mot å gjera Ålesund til nynorskkommune.

– Dei har køyrt ein kampanje som etter mi meining har villeia folk. Det kan eg seia etter å ha høyrt kva folk har sagt til oss når me har stått på stand, seier Eva Vinje Aurdal.

– Eg er veldig bevisst på at språk er viktig for identiteten. Og i min iver etter å signalisera likeverd mellom skriftspråka våre, har eg fått tilsvarande motstand. Men i dag kan eg seia at det var verdt det, seier ordføraren, som sjølv har nynorsk som hovudmål.

Som leiar av fellesnemnda for den nye kommunen synest ho det er viktig å respektera intensjonsavtalen mellom alle kommunane som skal inn i nye Ålesund, sjølv om ho sjølv stemte for å gjera kommunen språknøytral.

Ho vil ikkje utelukka at det vil koma inn ei sak i det nye kommunestyret om å gjera den nye kommunen språknøytral, men trur og håpar det framleis vil vera fleirtal for ein nynorskkommune.

LES OGSÅ: Nynorsken sigra i Møre og Romsdal

Hans Kjetil Knutsen står først på Ålesundslista, vil at nye Ålesund skal vera språknøytral. Foto: Ålesund kommune

– Berre tullprat!

Hans Kjetil Knutsen, ordførarkandidat for Ålesundslista, lovar at han vil fremja sak om språknøytralitet for den nye kommunen når det nye kommunestyret samlar seg.

– Det er berre tullprat at me ikkje har forstått kva det handlar om. Det er overraskande at komande ordførar tar på seg rolla som dommar i denne saka. Ho bør heller sjå på korleis ho sjølv har kommunisert i denne saka, seier Knutsen.

Han er oppteken av korleis språkvalet til kommunen dei tilsette.

– Det er av respekt for dei som bruker bokmål i kommunen me vil at kommunen skal vera språknøytral. Dette er ei sak mange føler på, og eg er ikkje overraska over at Ålesundslista dobla oppslutnaden i valet, seier Knutsen til Framtida.no.

Partiet gjekk fram med fire prosent til 8,2 prosent av stemmene.

LES OGSÅ: – Fylkespartia seier ikkje kva dei meiner om språk

Vil sjå på nynorskbruk

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) seier målet hennar er likestilling mellom språka. Utanom eksternt informasjonsarbeid, blir det opp til kommunetilsette å velja om dei vil skriva bokmål eller nynorsk internt. Innbyggjarane i kommunen skal få svar på det språket dei sjølv bruker.

– Eg trur me vil koma ut cirka 50/50. Viss ikkje det skjer, så vil eg vera villig til å gå inn å regulera, seier ho, før ho legg til:

– Når folk får sjå nynorsk i bruk, og ser at det er eit bruksspråk som fungerer, så vil dette gå seg til. Sjølv bruker eg begge språka, og eg synest det gjev meg ein stor fridom å velja mellom dei to skriftspråka våre.

LES OGSÅ: Blir Ålesund nynorskby?