Heim Nyhende Nynorskstipend til Mo og Aae

Nynorskstipend til Mo og Aae

Noregs Mållag delte ut to nynorskstipend, kvar på 50 000 kroner på landsmøtet i helga. Jostein O.Mo fekk stipendet for å hjelpe frivillige lag å få lagslovene sine på nynorsk, medan Merete Bratsberg Aae fekk støtte til å lage ein sidemålsblogg.

I grunngjevinga heiter det at Jostein O. Mo vil gjere eit viktig arbeid på eit felt der nynorsken ikkje har vore så synleg. Det blir lagt vekt på at han har lang røynsle frå dette feltet og har sett eit behov som han har god kompetanse til å hjelpe med. Han vil hjelpe frivillige lag å få lagslovene sine på nynorsk, han har også tidlegare omsett lovnormene for idrettsråd og idrettslag. Merete Bratsberg Aae er lærar på Averøy på Nordmøre får også stipend til å lage ein felles sidemålsblogg der ungdom kan bidra og skrive om tema som ungdom er opptekne av.

Mo ser føre seg at ein skal kontakte eit utval frivillige organisasjonar på landsplan med tilbod om å hjelpe fram nynorsk omsetjing av møtevedtekter. I tillegg vil han lage ei juridisk ordliste for friviljuge organisasjonar der vanlege formuleringar frå organisasjonslivet på bokmål vert jamstilte med nynorske. Jostein O.Mo ser for seg å kunne vere litt rådgjevar for dei som vil arbeide fram lagsverktøy på nynorsk.

– Med si breie røynsle og spennande prosjekt trur me Jostein 0. Mo gjennom dette stipendet kan få til nynorsk på eit felt som mållaget sjølv har ynskt å ta tak i ei stund, og ikkje minst på eit felt der nynorsken i dag er svært vantande, skriv Noregs Mållag i ei pressemelding.

Merete Bratsberg Aae er lærar på Averøy på Nordmøre. Ho får stipend til å lage ein felles sidemålsblogg der ungdom kan bidra og skrive om tema som ungdom er opptekne av.

– Stipendsøkjaren er lærar og ikkje frå kjerneområdet for nynorsken. Likevel syner ho gjennom stipendsøknaden eit ekte engasjement for nynorsken. Noregs Mållag er viss på at det arbeidet som det her vert søkt om, vil vere eit godt bidrag til den nasjonale dugnaden for meir nynorsk i kvardagen.

Målet er å lage ein felles sidemålsblogg der alle deltakarane kan bidra og skrive om tema som ungdom er opptekne av. Målet er å knyte desse temaa til eit medvit om kva språk tyder for identitet.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...