Heim Nyhende – Partia lite interesserte i språkspørsmål

– Partia lite interesserte i språkspørsmål

– Partia i Noreg manglar politikk for fleire av dei viktigaste språkspørsmåla i samtida og er ikkje à jour med den språkfaglege debatten, hevdar direktør Ottar Grepstad ved Ivar Aasen-tunet

Grepstad har samla det partia har sagt om språkpolitikk i valprogramma sine like frå 1906 til i dag. Resultatet er publisert i skriftet «På parti med språket?».
Etter gjennomgangen av valprogramma i 2009 meiner Grepstad likevel at Senterpartiet, Raudt og Sosialistisk Venstreparti kjem godt ifrå det, og at Venstre og Kristeleg Folkeparti held stø kurs. Verre er det med Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet.

– Ingen parti har produsert meir språkpolitikk enn Arbeidarpartiet dei siste fire åra, men ingen går til val med færre linjer om språkpolitikk i partiprogrammet sitt enn Arbeidarpartiet, skriv Grepstad og er forundra over at partiprogramma inneheld så lite av det partia har sagt om språkpolitikk i Stortinget.

Han skriv om Høgre at partiet skiftar mellom sine verdikonservative og meir liberalistiske tendensar, medan dei språk- og kulturpolitiske brytingane i Framstegspartiet enno ikkje har kome opp til overflata.

Men generelt har partia få meiningar om språkpolitikken, og aller minst om bokmålet, ifølgje Grepstad.

– Presset frå engelsk blir diskutert i mange land, men ingen av partia seier dei vil gjere noko med dette på Stortinget dei neste fire åra, seier Grepstad i ei pressemelding. (©NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...