Heim Nyhende Rogaland: Uklokt å gå for Vestland

Rogaland: Uklokt å gå for Vestland

– Vi kan vel ikkje kalle oss eit vestlandsfylke lenger, sa fylkestingsmedlem Anja Berggård Endresen (V) frå Rogaland i den opne høyringa i Stortinget om framlegget til nye fylkesnamn tysdag.
 

Endresen representerte Rogaland fylkeskommune i høyringa saman med fire målorganisasjonar og Norsk namnelag. Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal var opptatt med fylkestingsmøte i Ålesund tysdag og kunne ikkje møte.

Dermed var det Endresen som måtte forklare kommunal- og forvaltingskomiteen korleis framtida fortonar seg for eit vestlandsfylke utanfor nabofylket regjeringa vil kalle Vestland.

– Vi i Rogaland fylkeskommune meiner det er uklokt å gå for namnet Vestland på den nye regionen, fordi det vil skape utfordringar både innanfor marknadsføring av turisme og næringsliv og dessutan true den kulturelle tilhøyrsla vi har hatt, sa Endresen.

Viktig merkevare

Bakgrunnen for den opne høyringa var innstillinga til endringar i inndelingslova – der fylkesnamna står, som Kommunal- og moderniseringsdepartementet la fram 6. april. Der foreslår regjeringa namn på dei seks nye storfylka som skal tre i kraft frå 2020, mellom anna dei omstridde nye namna Vestland (Hordaland og Sogn og Fjordane), Innlandet (Hedmark og Oppland) og Viken (Østfold, Akershus og Buskerud).

Anja Berggård Endresen var ikkje berre opptatt av at rogalendingane no risikerer å miste retten til å kalle seg vestlendingar, men òg at namnevalet kan skape uvisse innanfor reiselivet og andre delar av næringslivet.

– Vestlandet er ei viktig merkevare. Ved å tillate at berre to av dei fire fylka får danne ein region som heiter Vestland, så forringar ein den merkevara som er bygd opp over mange tiår. Når Vestlandet no får ein annan dimensjon, så fell turistmagnetar som Preikestolen, Geirangerfjorden og Trollstigen utanfor denne vestlandsregionen, sa Endresen.

Mistar vestlandsidentiteten

Regjeringa har elles fått krass kritikk for å ikkje halde ei skriftleg høyring om lovendringane, slik dei skal ifølgje utgreiingsinstruksen. Endresen hadde inga meining om regjeringa med det braut lova, men peika på at ein høyringsprosess gjerne kunne ha munna ut i eit mindre splittande og meir samlande namn på nabofylket enn Vestland.

– Mange opplever det som sterkt at dei no mistar den delen av identiteten som det er å vere vestlending. Dei fire fylka har alltid hatt mykje saman, og ei splitting på grunn av namnevalet blir opplevd som sterkt beklageleg. Vestlandet har fram til no alltid vore eit samlande omgrep for vestlendingane både med tanke på identitet, tilhøyrsle og ei lang historie, sa Endresen, som på spørsmål frå komiteen ikkje var framand for namneforslaget Fjordane på det nye fylket.

Språkrådet, det statlege fagorganet i språk- og namnespørsmål, har åtvara både mot fylkesnamnet Vestland og Viken og Innlandet. Språkrådet meiner namn som Bjørgvin, Bergenhus eller Gula passar betre enn Vestland, og dei vil heller kalle Innlandet for Opplanda eller Oppland og Hedmark, og Viken for Vika.

Reagerer på saksbehandlinga

Noregs Mållag har stilt seg bak vurderingane til Språkrådet, og i høyringa gjentok leiar Magne Aasbrenn poenga som landsmøtet i organisasjonen vedtok nyleg. Organisasjonen er sterkt kritisk til dei tre nye namna, Viken, Innlandet og Vestlandet.

– Noregs Mållag reagerer sterkt på både forslaga og på saksbehandlinga. Saka er ikkje send ut på brei høyring, og dermed meiner vi at regjeringa har brote utgreiingsinstruksen. Regjeringa har heller ikkje høyrt på sitt eige sakkunnigorgan i språksaker, som er Språkrådet, sa Aasbrenn, som elles framheva Vestland som det verste framlegget av dei tre.

Aasbrenn samanlikna elles fylkesnamn-prosessen med den som vart gjennomført i Noreg i 1918, da det var ei grundig fagleg utgreiing, høyringsrunde og i det heile ein omfattande politisk prosess før Stortinget vedtok fylkesnamna.

– I fylke etter fylke har namna vorte vedtatt utan offentleg debatt i forkant og utan brei drøfting. På den måten er namnevala resultat av politiske kompromiss og det vi vil kalle fikse påfunn av politikarar utan kompetanse på å finne namn, men med god kompetanse på det å bli einige, sa han.

Krev breiare høyring

Prosessen er ikkje god nok, streka Aasbrenn under og kravde på vegner av Mållaget at saka blir send ut på høyring før Stortinget gjer vedtak.

– Ei nasjonal høyring skal sikre at alle som har eller bør ha ei meining om ei sak, kjem fram. Det er bra at vi får denne høyringa her, men vi ønskjer oss ei breiare høyring, poengterte Aasbrenn.

Med på den vel tre kvarter lange opne høyringa var òg Norsk Målungdom, Norsk namnelag, Norskt Måldyrkingslag og Høgnorskringen. Dei var alle kritiske til dei tre namneforslaga regjeringa har innstilt på, og framførte ulike argument mot dei. Fleire etterlyste som Mållaget ei grundigare høyring før Stortinget gjer endeleg vedtak.

Kommunal- og forvaltingskomiteen skal levere innstilling i saka innan 24. mai. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...