Heim Nyhende Vart beden om å godta eksamen på bokmål

Vart beden om å godta eksamen på bokmål

Kvart år er det eit tjuetals studentar med nynorsk som hovudmål, som tek kontakt med Målungdommen for å få hjelp til å klage på at dei ikkje får eksamensoppgåvene sine på nynorsk

«Du er den eneste som ønsker nynorsk og jeg lurer på hvor viktig det er for deg. Det er en merkostnad, og mer arbeid hvis emneansvarlig må oversette eksamensoppgaven».

Dette er eit utdrag av meldinga student Elin Skorpen mottok i byrjinga av april. Ho er student ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, og hadde tidlegare ikkje opplevd liknande haldningar blant medstudentar eller tilsette.

– Eg vart veldig overraska, då eg har eit veldig godt inntrykk av studiestaden min. Det var ubehageleg å stå for min lovfesta rett då eg fekk spørsmålet, seier Skorpen.

Med hjelp av Målungdommen skreiv ho ei klage på mailen. Universitetet beklaga på det sterkaste og lova at det ikkje skulle skje igjen. Dei forklarte og at det noskon gongar er studentar som er registrerte med nynorsk som hovudmål, som vel bokmålsoppgåva på eksamen.

– Skjer år etter år

Mailen er ikkje den einaste i sitt slag.

– Det tilfellet er eit eksempel på manglande forståing og dårlege haldningar i institusjonane. Studentane blir indirekte pressa til å ikkje få få eksamen på morsmålet sitt, seier Fredrik Hope, leiar i målungdommen.

Han meiner at «det er ikkje så nøye»-haldninga er vanleg på fleire høgskular og universitet.

– Det skjer år etter år, og må røskast opp i. Vi treng ei skikkeleg opprydding, seier han.

Ikkje fokus på at det er ein lovfesta rett

Jorunn Thingnes er no stipendiat ved Senter for fleirspråklegheit, UiO. Foto: Nadia Frantsen/UiOJorunn Simonsen Thingnes er stipendiat ved Senter for fleirspråklegheit på UiO. I masteroppgåva si frå 2015, skreiv ho om kva språkhaldningar og språkideologiar som spelar inn i forvaltninga av nynorsk, og brukte eksamensoppgåver ved Universitetet i Oslo som utgangspunkt.

Eitt av funna ho gjorde, var at fleire tok kontakt med dei nynorskspråklege studentane for å spørje om det var greitt å få oppgåveteksten på bokmål.

– Mange er meir opptekne av at det er meir tidkrevjande for dei å omsetje til nynorsk, enn å fokusere på at det er ein språkleg rett som studenten har.

Ho seier at det skjer ved mange institusjonar, også ved UiO.

– Studenten har jo allereie teke eit medvite val om målform. Det er urimeleg at dei blir utfordra på det etterpå, seier Thingnes.

Ho peikar òg på at det er mangel på system, som gjer situasjonen dårleg for både tilsette og studentar.

«Når mange av dei som omset eksamensoppgåver ved UiO, ikkje meistrar nynorsk og har negative haldningar til språket, blir utgangspunktet ringt. Omsetting av oppgåvene blir eit nødvendig vonde, og det dårlege språket blir eit resultat av det».

Les også: Fekk eksamen på tullenynorsk

Manglande oppgåve på nynorsk eller dårleg språk

Mållaget oppfordrar studentane til å klage dersom dei ikkje får teksten på nynorsk, eller om språket ikkje held mål.

Eline Bjørke er skrivar i Norsk Målungdom. Foto: NMU

Klagane mållaget får inn, handlar ofte om at det manglar eksamensoppgåver på nynorsk, eller at eksamen er skriven på eit «hjelpeslaust nynorsk»,  med kjapp og dårleg omsetjing.

Eline Bjørke er skrivar og dagleg leiar i Målungdommen.

– Kvart år får vi klager frå studentar ved nesten alle dei store utdanningsinstitusjonane. NTNU, Blindern, Oslomet, Høgskolen i Stavanger, og Høgskolen i Sørøst-Norge. Det verkar som at ingen av dei store utdanningsinstitusjonane har gode rutinar for å skrive gode eksamensoppgåver på både nynorsk og bokmål, seier ho.

Opp til den enkelte faglærar å omsetje

Knut Veium er avdelingsleiar for studieadminstrasjonen på NTNU, og ansvarleg for eksamensavviklinga. Han fortel at dei forheld seg til kor mange som har valt nynorsk og bokmål til kvar eksamen og sørger for at det alltid finst tilgjengelege oppgåver i den målforma studentane har valt.

Knut Veium. Foto: NTNUHan er kjent med at det tidvis har vore dårleg språk på dei nynorske eksamensoppgåvene, men ukjent med at nokre elevar har vorte spurde om det er greitt å få oppgåva på bokmål.

– Det er ukjent for meg. Men om det er noko som skjer, så skjer det mellom den enkelte faglærar og studentane, seier han.

Veium meiner at dårleg språk på den nynorske varianten av eksamensoppgåva ikkje er vond vilje frå den som skriv oppgåva, men at det er grunna kompetansen til kvar faglærar, som er ansvarleg for å tilby oppgåva på begge målformer.

– Det har nok vore diskusjon om kvaliteten. Folk er uvande med nynorsk. Vi har ikkje noko sentral støtte til faglærarane, så det blir opp til den enkelte faglærar å skrive teksten. Så det er ei ekstra belastning. Det er nok ikkje vond vilje som ligg bak, seier Veium.

10 klager allereie

Etter jul i år har Målungdommen fått inn til saman ti klager. Bjørke fortel at det er mykje så tidleg i eksamensperioden. Dei ventar fleire, og veit og at ikkje alle som møter problemet seier ifrå.

For student Elin Skorpen, så endte det godt på eksamen.

– Språkleg er det faktisk ein av dei beste nynorskoppgåvene eg har fått utlevert, seier ho og ler ho.

Ho er veldig nøgd med at problemet blir tatt tak i, og at mållaget lagar kampanje på det no, så det blir lettare for andre å seie ifrå.

FAKTA: Mållova

Som student på universitet eller høgskule, har du krav på å få eksamen på nynorsk.

Viss studiestaden din ikkje gir deg oppgåveteksten på nynorsk, bryt dei mållova, og du har rett til å klage.

Målungdommen tilbyr seg å hjelpe studentar med å sende inn klage.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...