Heim Nyhende Sanner gir vekst og forventar effektivitet frå kommunane

Sanner gir vekst og forventar effektivitet frå kommunane

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) gir kommunane ein vekst i inntektene på mellom 6 og 7 milliardar kroner neste år. Han meiner samtidig kommunane kan skaffe seg mykje høgare inntekter ved å effektivisere.

 

Ein realvekst på mellom 6 og 7 milliardar kroner, av dei 4,5 til 5 milliardar kroner som frie inntekter, er det regjeringa vil gi kommunane neste år.

– Dette vil gi dei ein god vekst, så dei får dekt utgifter til pensjon og befolkningsvekst. I tillegg får dei ein god vekst i dei frie inntektene, så dei kan prioritere lokalt det dei meiner er viktigast, enten det er innanfor skule eller eldreomsorg, seier Sanner til NTB.

Forventar effektivisering

I kommuneproposisjonen for neste år understrekar samtidig regjeringa at dei meiner det er rom for ein mykje meir effektiv ressursbruk i kommunane, og slår fast at dei har klare forventningar til at kommunane og fylkeskommunane arbeider for å utnytte ressursane meir effektiv.

«Dersom kommunesektoren klarer å ta ut effektiviseringspotensialet, vil det kommunale tenestetilbodet kunne styrkjast utover det som følgjer av inntektsveksten», står det i proposisjonen.

– Kommunane må prioritere mellom gode tiltak og jobbe for å forenkle, fornye og forbetre tenestene, seier Sanner.

Frie, med føringar

Mellom 4 og 4,5 milliardar kroner av veksten er såkalla frie inntekter. Men regjeringa legg samtidig føringar på ein god del av midlane. 400 millionar kroner er lagt inn for å styrke arbeidet med oppbygginga av rusomsorga, 200 millionar kroner er meint å gå til ei framleis styrking av helsestasjon- og skulehelsetenesta, og 400 millionar kroner er lagt inn for å bidra til meir fleksibelt barnehageopptak.

Ny modell

Sanner innfører samtidig ein ny skattemodell, som inneber at kommunane skal få behalde ein del av lokal selskapsskatt.

– Vi ønskjer at kommunane skal få behalde ein del av den lokale verdiskapinga. Vi meiner det er viktig at dei kommunane som legg til rette for lokal verdiskapning, skal få behalde noko av gevinsten. I dag får dei ekstra skatteinntekter når dei legg til rette for bustadbygging og befolkningsvekst, men all selskapsskatt går til staten, seier Sanner.

Han understrekar at den nye ordninga først vil få effekt frå 2017.

Skattesvikt

Måndag varsla finansminister Siv Jensen (Frp) at regjeringa vil kompensere skattesvikten i kommunane med 1,1 milliardar kroner. Skattesvikten er totalt berekna til 1,6 milliardar kroner, men regjeringa meiner det reelle tapet er på 1,3 milliardar kroner fordi kommunane samtidig sparer 300 millionar ved at lønns- og prisstiginga blir lågare enn antatt.

Av dei 1,1 milliardar kronene blir 907,8 millionar fordelt til kommunane, og 54,8 millionar går til kommunar med særskilde tap som følgje av omlegginga av uføreskattlegginga.

192,2 millionar kroner går til fylkeskommunane, og 4,9 millionar av dette går til kompensasjon for fergeavløysingsmidlar i fire fylkeskommunar. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...