Heim Nyhende Siste frist for landstinget i dag

Siste frist for landstinget i dag

I dag er fristen for å melde seg på landstinget til LNK på Gol i Hallingdal 4. og 5. juni.

 

Tema i år er omdømmebygging i kommunane og hovudinnleiar er omdømmeguru Ole Christian Apeland fra kommunikasjonsbyrået med same namn. Han vil ta eit oppgjer med det han kallar den kommunale omdømmefeigheita.

Andre innleiarar er ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal, som spør om omdømme berre er systematisk arbeid, eller om det også er tufta på historie, kultur og tilfeldige hendingar. Administrasjonssjef Ola Helstad i Lom kommune skal fortelle om erfaringane med omdømmebygging i sin kommune.

Ulrikke Ytterborg skal gjere det same om omdømmearbeid i Hallingdal, og Elin Wetås de Jara vil dele sine røynsler rundt strategisk arbeid med språket i ein kommune. Torsdag 4. juni blir avrunda med paneldebatt om omdømme. I panelet sit Apeland, Solheim, Helstad og Wetås de Jara.

Fredag 5. juni blir det utdeling av pris for offentleg målbruk før omdømmeleiar, mentor og motivator Rasmus Mo i Sogndal Fotball tek oss med på det å vere gode på samhandling.
Prosjektet «Hått Halling» har som mål å auka kunnskapen om og interessa for nynorsk og dialekt blant born og unge i Hallingdal-kommunane, og Heidi Molstad Andresen vil kome på scena etter Mo for å fortelje om prosjektet.

NRK sin Finn Tokvam avrundar med kåseri og humor. Meld deg på i dag!

Du kan melde deg på her: http://laerdalnu.pameldingssystem.no/lnk-landsting-2015

Du kan lese programmet her: http://www.lnk.no/images/bilder/PDF/LNKlandsting2015_program_og_invitasjon.pdf

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...

Landstinget til Nynorskkommunane: – Krev demokratisk kontroll over språket

Stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og undergrev den...