Heim Nyhende Senterpartiet om regionmeldinga: – Eit makkverk

Senterpartiet om regionmeldinga: – Eit makkverk

Oppgåvemeldinga til regjeringa betyr ingen stor overføring av makt, middel eller arbeidsplassar til fylka, meiner Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

 

– Regjeringa påstår at reforma er ei stor satsing på fylka, men i realiteten er dette berre eit sentraliserande makkverk, seier Vedum i ei pressemelding.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) la fredag fram stortingsmeldinga om kva oppgåver dei nye, større fylka skal få. Meldinga byggjer på avtalen mellom regjeringspartia og Kristeleg Folkeparti.

– Fylkeskommunane blir større og skal få betre moglegheiter til å utvikle fylka i tråd med regionale behov og moglegheiter. Derfor får dei no større ansvar, blant anna for samferdsel, kompetanse og næringsutvikling, seier Mæland.

Ikkje minst skal fylkeskommunane overta planlegging, bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegane.

Berre starten?

I tillegg skal overføring av fleire oppgåver innanfor blant anna kultur og barnevern greiast ut, og på pressekonferansen fredag gjekk Mæland gjekk langt i å love at resultatet blir at endå fleire oppgåver blir overførte.

– Intensjonane våre er veldig tydelege. Dette er starten på noko som skal vidareutviklast. Vi skal overføre ytterlegare oppgåver frå staten til fylkeskommunane, sa Mæland.

Men Vedum meiner reforma er ei sentralisering, ikkje ei desentralisering, slik regjeringa hevdar.

– Fylkessamanslåingane vil føre til at vidaregåande skular, vegar og breibandsutbygging blir nedprioriterte og svekte over store delar av landet. Vi vil ha gode tenester nært folk, ikkje fjernare frå folk, fastslår Vedum.

Senterpartiet har fremma forslag om å oppheve samanslåinga av Troms og Finnmark og det nye Viken. Denne veka gjekk partiet eit skritt vidare ved å foreslå også stans i samanslåinga av ei rekkje andre fylke.

– Vi kjem til kjempe mot regionreforma og sentraliseringa heilt til siste slutt, seier Vedum.

– Opp til fylka

Mæland avviser kritikken frå dei som hevdar reforma i realiteten vil bli ein sentraliseringsreform, men seier det er opp til fylka å avgjere kvar dei lokaliserer oppgåver og kontor.

– Eg trur fylkeskommunen er opptatt av å vere nærmast mogleg innbyggjarane. Eg har tillit til at dei organiserer seg på den måten som er best for kvar enkelt fylkeskommune. Mi oppgåve er å flytte oppgåver frå staten til fylket, sa Mæland.

Stortinget har vedtatt at landet skal ha elleve fylke frå 1. januar 2020. Men særleg i Finnmark har motstanden vore stor. Så seint som torsdag gjorde fylkestinget eit vedtak om å nekte å velje medlemmer til fellesnemnda som skal førebu samanslåing med Troms. Samtidig fekk fylkesadministrasjonen beskjed om å greie ut eit forslag til prosessvarsel, eit første skritt i ein mogleg rettsprosess for å stanse samanslåinga. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...