Heim Nyhende Skapar folkevekst i Kvam

Skapar folkevekst i Kvam

Hardangerregionen lokkar kunstnarar til seg. Det har fått den negative utviklinga i folketalet til å snu.

For første gong på mange år, og som einaste kommune i regionen, kan Kvam skryte av ein vekst på 128 personar i 2008.

Det er svært mykje i ein så liten kommune, kommenterer Jan Tjosås, næringsutviklar i Kvam.

Det bur no nøyaktig 8344 personar i kommunen. Kvam si aktive satsing på kunst og kultur dei siste åra er truleg ei viktig forklaring på at folk vil bu i Hardangerkommunen att.

Tidlegare industrihus

– Om kunstsatsinga er årsak til folketalsutviklinga er ikkje så lett å måle. Folk flyttar hit fordi det er eit positivt område, kommenterer Vidar Skeie, nytilsett direktør i Hardangerlokk, som er namnet på eit av prosjekta i ein større kampanje for å få folk til å flytte til Hardanger.

I arbeidet med å lokke kunstnarane til Hardanger, har kunstnarhuset Messen i industrisamfunnet Ålvik vakse fram. Der har fem profesjonelle kunstnarar budd og arbeidd i vel eitt år, medan andre kjem innom på kortare stipendopphald. Det staselege raude murhuset, idyllisk plassert ved Hardangerfjorden, fungerte tidlegare som bustads- og administrasjonshus for tilsette ved Bjølvefossen industrier. No blir Messen leigd av Kvam herad, som stiller huset til disposisjon for ei ny næring i vekst: kulturnæringa.

Fungerer som ei stemme

I huset Messen bur mellom andre paret Judy og Ole Mads Sirks Vevle med dottera Johanna på snart to år. Målaren og filmprodusenten frå Bergen har atelier vegg i vegg i det store huset. Her har også kunstnarparet Thora Solveig Bergsteinsdottir frå Island og Erwin van der Werve frå Nederland arbeidsrom. For tida held vidare ein belgisk og ein spansk fotograf til i Messen. Dei er innom på kortare opphald. I tillegg har Hardangerlokkadministrasjonen, som utgjer ei og ei halv stilling, samt leiar i kunstnarnettverket Hardingpuls, Solfrid Aksnes, kontor i huset.

Vi vil fungere som ei stemme. Vi ønskjer at kunstnarane skal ha èin plass å forhalde seg til, seier Aksnes.

Skepsisen forsvann

– Vi hadde snakka om å flytte på landet då vi fekk kjennskap til Hardangerlokk. Vi blei inviterte med på ei helg der vi fekk høyre om moglegheitene på staden og om Messen. Med det same var vi litt skeptiske. Kva for ein stad var Ålvik, lurte vi. No likar vi landsbypreget her. Staden har også litt preg av bysamfunn. Dessutan kjem vi oss lett til vener og familie i Bergen, fortel Ole Mads Sirks Vevle.

Han er tilsett i 20 prosent stilling som dagleg leiar for Messen. Han tar ansvar for vedlikehald og for kunstnarane som kjem på gjesteopphald. Vevle er også med og arrangerer utstillingar og konsertar i kunstnarhuset, som skal vere ope for alle.

Aktive i miljøet

Kulturleiar i Kvam herad, Lars Erik Klafstad, viser rundt i det nøkternt innreidde og eventyrlege huset, med mange hyblar, rom, korridorar og dører. Med si sentrale plassering i Hardanger, er Messen eigna som arbeidsstad og møtestad for kunstnarar i regionen. 

– Dei har vore eineståande, dei som har flytta hit. Dei er svært aktive i miljøet og fungerer som eit friskt pust, seier Klafstad.

– At vi får etablert trua på ei framtid i regionen, er viktig. At vi har noko å vere stolte av, er avgjerande for å få folk hit, held han fram.

– Men kan ikkje kunstnarar vere nokså flyktige tilflyttarar? Er dei noko å satse på?

– Vi må heile tida jobbe for å stimulere miljøet og legge til rette for at kunstnarane kan søkje støtte, svarer kultursjefen.

Han meiner det er svært viktig å fokusere på kvalitet i eit slikt prosjekt, om det skal bli livskraftig og skape varige ringverkander.

Lange røter

Satsing på kunst og kultur har lange røter i Hardanger. Kristi Skintveit, hardangerkunstnar med tydelegare band til tradisjonen enn dei som elles held til i Messen, er innom huset denne dagen. Ho viser teppe ho har vove med diktmotiv av ein annan kjend kunstnar frå regionen, Olav H. Hauge. No søkjer tekstilkunstnaren frå Jondal om arbeidsopphald i Messen.

– Kvifor vil du hit?

– Det kan vere skjerpande å endre omgjevnader. Eg ønskjer også å bli kjend med eit yngre kunstnarmiljø, forklarar Skintveit.

Kreative utviklarar

Kultursjef Klafstad seier målet er at kunstnarane med tida skal bli økonomisk uavhengige. At dei skal skape møtestadene og prosjekta sine sjølve, noko kunstnarane som flytta til Kvam i fjor er godt i gang med. Det nyetablerte Hardanger Kunstsenter i Norheimsund er eitt eksempel. Det blir drive av Bergsteinsdottir og van der Werve, som elles held til i Messen.

-Korleis er Kvam om ti år, Klafstad?

– Eg har ein draum om at den profesjonelle delen av kulturlivet, altså kunstnarane, har fått bygd opp god infrastruktur, at det har blitt skapt fleire møtestader og at vi har integrert fleire kreative folk i kommunale utviklingsprosjekt. Det er altfor mange godt vaksne menn i grå dressar som styrer utviklinga no. Vi må dessutan bygge vidare på verdiane våre, forsterke dei og innsjå at fjord og fjell betyr mykje her, held den engasjerte kultursjefen fram.

Om det er fjord og fjell, eller kunst og kultur, som får folketalet i Kvam til å skyte i veret, er det vanskeleg å finne klart svar på. Truleg er det den unike naturen, saman med eit levande kunstmiljø, som trekkjer folk til Hardangerkommunen.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...