Heim Nyhende Skriv om tidsklemma i ny bok

Skriv om tidsklemma i ny bok

Det var mykje kollektiv nikking og latter frå salen då tidsklemma og Olaug Nilssen si bok Kjøkkenbenkrealisme var tema under Nynorske litteraturdagar.

Det var kanskje ikkje så underleg at semja i salen var stor. Publikum bestod for det meste av kvinner i og eit lite stykke over fertil alder, og Olaug Nilssen og dei to kvinnene som har vore med i bokprosjektet hennar, kunne tale for imøtekommande øyre.

Alltid dårleg samvit

Kjøkkenbenkrealisme byrja som ei bestilling frå forlaget Samlaget til forfattar Olaug Nilssen: Kan du skrive ei bok om kvifor alle småbarnsforeldre alltid har så dårleg samvit? For forfattaren, som sjølv er forelder til tre små barn, vart prosjektet å finne historiene til foreldra: Korleis løyser dei kvardagen, korleis lever dei med tidsklemma?

Det enda opp med 10 kvinner og éin mann som fekk fortelje om kvardagar prega av søvnløyse, turnusarbeid, fordeling av husarbeid, heiltid og deltid. For Nilssen har det vore viktig å la dei fortelje historiene sine utan krav om at desse skal vegast opp og balanserast av alt som også er fint og kjekt med å ha barn.

– Det er ingen av dei eg har intervjua, som hatar barna sine eller angrar på at dei fekk barn, skriv ho i boka si.

Lågare terskel

Ho ønskjer å bli trudd på at ho ikkje har hatt nokon tanke om å hengje ut såkalla cupcake-bloggarar, det vil seie kvinner som tilsynelatande arbeider i deltidsstillingar for å bake muffinsar og blogge om interiør. Men ho har ønskt å vise alt som ikkje berre er vakkert.

– Eg har ønskt å senke terskelen for kva det skal vere lov å fortelje og vise fram, seier ho.

Tidsklemma i seg sjølv er ikkje noko nytt tema, det er stadig framme i media. Men i slike saker er gjennomgangstonen ofte foreldre som står fram og forklarar at dei har funne ei løysing, og at slik burde også andre gjere det, meiner ho.

– Slik er det ikkje i mi bok.

Har ikkje svara

Og noko svar på korleis tidsklemma kan løysast for den einskilde eller kollektivt frå samfunnet si side, ønskjer ikkje forfattaren å kome med. Ho ønskjer berre å la desse familiane kome til orde med sine forteljingar, dette er ikkje noka oppskriftsbok kor svaret står å lese på siste side.

– Eg respekterer dei eg har intervjua. Dei skulle få fortelje sine historier, og då skulle det ikkje vere til ein fordømmande journalist. Så er det opp til lesaren å vere samd eller usamd.

Har ulike behov

Magni Hjertnes Flyum og An-Magritt Lindtner er to av kvinnene som har fortalt historiene sine, og dei er samde i at det ikkje finst noka oppskrift som fungerer for alle i denne boka eller i det verkelege livet. Medan den eine jobbar som prosjektleiar med fleksibel arbeidstid, men samstundes plikt til å jobbe på ukurante tider, har den andre bakgrunn frå helsevesenet med rigid turnus og lite fleksibilitet i arbeidsdagen. For éi kan løysinga vere kveldsopen barnehage, medan den andre kan ha nytte av sekstimarsdag, seier dei.

Private historier

Olaug Nilssen byr også på seg sjølv i boka. Det har ikkje vore berre enkelt, medgjev ho, og både ho og familien har måtta gå nokre rundar undervegs for å avvege kor mykje av familien, og då særskild barna, sine historier som skal få kome på trykk. Det har vore viktig å ikkje fortelje om barna på ein slik måte at dei kan kjennast att, seier ho. Eigne erfaringar og opplevingar, derimot, har vore enklare å risse opp utan for mykje filtrering.

Som til dømes korleis det er å sitje i styret til Norsk Kulturråd og reise frå Bergen til Oslo på møte med alt for lite søvn innabords, kjempe for å halde seg vaken på møtet og slåst for den saka ho ville slåst for før søvnmangelen gjer sitt att. Og til sjuande og sist måtte seie nei takk til ein ny periode i rådet fordi ho kjenner at ho ikkje greier det. Det blir for krevjande.

– Gjer det ilt i ei feministsjel å innsjå at du no har blitt ei deltidsarbeidande kvinne, spør ordstyraren.

– Nei, det gjer det ikkje, seier Olaug Nilssen. – Det som gjer ilt, er at eg har sagt frå meg styreverv. Det er skummelt å seie offentleg at eg sa frå meg vervet mitt i Norsk Kulturråd fordi eg ikkje greidde det. Det å seie frå seg makt på same nivå som menn, det gjer vondt.

 

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen (1977) debuterte i 1998 med boka Innestengt udyr. Ho har gjeve ut fleire bøker i ulike sjangrar. Ho har også arbeidd med teater og skreiv manus til stykket Hudløs himmel, basert på musikken til Bjørn Eidsvåg. Boka hennar Få meg på, for faen er filmatisert og har vunne fleire prisar. Nilssen har tidlegare vore leiar av Skrivekunstakademiet i Bergen.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...