Heim Nyhende Skulda sosiale medium for dårleg språk

Skulda sosiale medium for dårleg språk

Danskane blir stadig dårlegare i rettskriving, og det danske språkrådet trur sosiale medium har skulda.

 

 

Ei undersøking det danske språkrådet har gjort viser at danskane er monaleg dårlegare til å stave no enn for 30 år sidan, melder NRK i dag. Direktør Sabine Kirchmeier-Andersen i Dansk Sprognævn seier til Danmarks radio at vi forventar at folk i dag skal kunne handtere ulike kommunikasjonstypar og medium. Samstundes ser ein at desse verktøya legg avgrensingar på oss fordi vi berre har eit gitt tal teikn å bruke og tastatur utforma på spesielle måtar. Kirchmeier-Andersen peiker også på Facebook som eit medium kor det ikkje er forventa at ein skal skrive korrekt.

Professor Kjell Lars Berge i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo er ifølgje NRK ikkje så samd med det danske språkrådet. Han meiner dette seier meir om det danske språket enn om bruken av sosiale medium, og meiner danskane heller bør sjå på det verkelege opphavet til problemet, nemleg den store kløfta mellom dansk skriftspråk og talespråk.

– Denne avstanden har blitt så stor at det er vanskeleg for folk å vite korleis orda blir stava. Og her har det skjedd dramatiske ting på to-tre generasjonar. Det var myje enklare å forstå ein danske på 1950-tallet, seier Kjell Lars Berge.

Les heile saken på nrk.no

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...