Heim Nyhende – Slutt med å laga barn og engasjér dykk i kommunereforma

– Slutt med å laga barn og engasjér dykk i kommunereforma

Lars Sponheim trur mindre kommunar kan få utfordringar viss dei står åleine. Han og sjefen hans oppmodar folk til å engasjera seg i kommunereforma. 

 

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) tok onsdag kveld turen til Stord for å opna det første folkemøtet om kommunereforma i Sunnhordland. Han hadde òg med seg Fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim.

– Dette er ingen sparereform, og det er heller ingen sentraliseringsreform. Snarare tvert om. Dette er ein reform som skal syta for betre tenester der ein bur, og eit sterkare kompetansefelt innanfor spesialtenestene, sa Sanner i møtet.

– Men kva oppgåver er det kommunane skal ha, under den nye reforma? spurde Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland (Ap).

– Det svaret er ikkje klart enno, men svaret kjem rundt påske, svarte kommunal- og moderniseringsministeren.

Fleire av dei frammøtte var uroa for om dei største byane vil ta over funksjonane til fylkeskommunane.

– Me må vera open på at dei aller største vil få nokre fleire oppgåver. Samtidig vil eg seia at me vil ikkje ha fleire fylke etter reforma enn me hadde før, sa Sanner.

LES OGSÅ: Over halvparten av kommunane i gang med reform

Åtvarar
Gruppeleiar i Frp på Stord, Sigbjørn Framnes, spurte om det er planar om å endra inntektssystemet i kommunane.

– Me har sagt at Stortinget og regjeringa vil gå gjennom inntektssystemet i 2017. Kva endringar me vil gjera, er for tidleg å seia noko om, svarte Sanner, og la til at inntektssystemet vil vera tilpassa den nye kommunestrukturen.

Då ministeren hadde gått, gjorde Lars Sponheim denne tolkinga av svaret:

– Små kommunar som vel å sitja i den gamle strukturen kan få nokre utfordringar.

 

Lars Sponheim understreka at det vil bli brukt lite tvang i kommunereforma, men at små kommunar kan få utfordringar viss dei står åleine. Foto: Svein Olav Langåker

LES OGSÅ: Vidaregåande skular kan bli kommunale

Engasjement
– Kva skal me gjera for at innbyggjarane skal engasjera deg i debatten om ny kommunereform? spurde ordførar Wenche Tislevoll (H), då ho tok ordet i Stord kulturhus.

– Innbyggjarane i Fitjar må slutta å laga barn og engasjera seg i debatten i staden. Dei må også skunda seg å slå seg saman med nokon andre, slik at dei kan behalda småkommunetillegget i 20 år framover, svarte Sponheim med eit glimt i auga.

På førehand hadde Tislevoll vore inne på at folketalet i kommunen no nærmar seg den magiske grensa på 3000, som gjer at kommunen vil mista tilskotet som alle småkommunar får, og at folketalet i kommunen har auka dei siste åra.

– Kommunane skal sjølv teikna kartet. Det som er viktig, er at kvar enkelt kommune gjer eit vedtak om dei er positive eller negative til ein ny kommunestruktur innan sommaren 2016, forklarte Sponheim.

Han meiner at alle kommunar uansett bør greia ut ulike alternativ for ny kommunestruktur.

– Dersom konklusjonen er at de ikkje vil slå dykk saman med andre, så er det viktig å kunne argumentera godt for dette vedtaket også, sa fylkesmannen.

LES OGSÅ: – Identitet ikkje avhengig av kommunegrenser

Meir lokaldemokrati
Jan Tore Sanner understreka at reforma skal bidra til meir lokaldemokrati, mellom anna gjennom at fleire interkommunale selskap kjem under direkte kontroll under kommunestyra igjen.

Ministeren sa at om ikkje reforma fører til mindre statleg styring over kommunane, så har reforma mislukkast.

Sponheim understreka òg dette poenget med å visa til at han har nær 50 juristar på fylkesmannskontoret sitt som har til oppgåve å passa på kommunane.

– Viss ikkje denne reforma fører til at staten trekkjer seg tilbake, så er ikkje reforma vellukka. Men dette føreset at det blir ein auka kompetanse i kommunane, sa Sponheim.

– Det som kjenneteiknar fleire av dei store utfordringane i dag, er at dei er samansette og utan noko klar løysing. Korleis skal me klara å møta klimautfordringane? Større kommunar kan ha større høve for å møta desse spørsmåla, sa Sponheim.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...