Heim Nyhende Mållaget: – Dette vil folk ha

Mållaget: – Dette vil folk ha

På eitt døgn har over 1100 personar likt Facebook-oppropet for meir nynorsk i Donald Duck & co. – Me er opne for å nytta meir nynorsk og dialekt på dei rette karakterane, svarar Donald-redaktør.

– Både nynorsk- og bokmålsungar les for lite nynorsk, difor hadde det betydd mykje om nynorsken hadde vorte meir synleg gjennom eit blad som Donald, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

LES OGSÅ: Coca-Cola på nynorsk

Oppmoda til opprop
I det nyaste nummeret av Donald Duck & Co fekk lesarane innslag av nynorsk for fyrste gong på over 50 år. Førre gong bladet inneheldt ei original historie med nynorsk var i 1963.

I tillegg kom sju Donald-album ut i nynorske utgåver i tidsrommet 1984-1991.

Då Framtida spurde Donald-redaktør Marius Molaug om det var meir nynorske andeforteljingar i vente svara han at: «kanskje det kjem om dei startar eit Facebook-opprop eller fakkeltog.» 

Og Mållaget tok oppmodinga på strak arm.

I skrivande stund har over 1100 likt Facebook-oppropet «Nynorsk i Donald? Ja takk.»

LES OGSÅ: «Rarill Krise» snakkar nynorsk!

Uoppdaga marknad
Mållagsleiar Tennø tolkar oppslutninga dei har fått så langt som eit signal om at det er både eit ynskje og behov for Andeby-historier på nynorsk.

– Dette vil folk ha, slår mållagsleiaren fast.

Ho får støtte av Norsk Barneblad-redaktør Nana Rise-Lynum.

– Det seier noko at Donald-forteljingane med nynorske innslag – som «Eggemysteriet» og dette siste nummeret – sel ekstra godt. Eg håpar serieforlaget ser det og tenkjer at dei ikkje treng vere så redde for nynorsken, seier Rise-Lynum.

Som ihuga Donald Duck-fan er ho blant dei som seier eit rungande “ja takk” til meir nynorsk i Donald Duck & Co.

– Det er eitt godt stykke frå å bruka nynorsk som humoristisk element i enkeltforteljingar, til at heile forteljinga eller bladet er på nynorsk. Men kvifor ikkje? undrast redaktøren.

LES OGSÅ: Egil Olsen teiknar “rockestjernelivet”

Lærerike seriar
Blant dei 4000 lesarane til Norsk Barneblad er teikneseriane det klart mest populære innslaget. Dette gjeld både gutar og jenter, nynorsk- og bokmålsbrukarar.

Redaktøren er ikkje i tvil om at teikneseriar er viktige i språkopplæringa. Dette gjeld særleg for lesarar som ikkje orkar store mengder tekst.

– Om teikneserien er god, spelar det ikkje noko rolle om det er nynorsk eller bokmål. Nynorske teikneseriar kan vere ein døropnar for dei som synest nynorsk er vanskeleg, fordi det er mindre tekst, seier Rise-Lynum, somtrur Serieforlaget har alt og vinne og lite å tape på meir nynorsk.

– Eitt nynorskeksemplar innimellom hadde nok ikkje skada Donald, tvert om trur eg dei hadde opplevd at dei vart samleeksemplar og at skular kjøper inn klasesett. Eg trur sjansen for å gå opp i sal er større enn å gå ned.

LES OGSÅ: Dramatisk nedgang for teikneseriar

Nynorske duckfjes
Marius Molaug i Donald-redaksjonen er litt redd for kva han har sett i gang, men er òg imponert over initiativet frå målfolket.

– Det verkar som nynorskfolket er glad i Donald og det er bra, seier redaktøren, som ikkje kan lova eit heilt nynorsk Donald-blad.

Han tykkjer likevel det er fint at Donald kan spegle Noreg og dialektane som finst.

– Eg tykkjer nok me har vore litt for konservative, utan at det har vore med overlegg. Me er opne for å nytta meir nynorsk og dialekt på dei rette karakterane, når så mange vil ha meir av det, avsluttar Molaug, som gjerne tek imot innspel om gode nynorskambassadørar som kan duckifiserast.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...

Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Handlingsplanen til regjeringa for norsk fagspråk møter kritikk frå professor som meiner regjeringa prioriterer det norske språket over kvalitet i forskinga. – Engelsk er språket...

Framtida Junior er årets nynorskbrukar

Framtida Junior fekk prisen "Årets nynorskbrukar 2023" for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne...
Mindre lokalt - meir sentralt: Frå Radiohuset til NRK på Marienlyst i Oslo. Foto: Wikipedia

NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og radio

Andelen nynorsk i NRK har auka noko, men det er framleis eit stykke igjen til målet, viser Medietilsynets tilsynsrapport for fjoråret. Direktør Mari Velsand i...