Heim Nyhende Programmet for LNK sitt landsting er klart

Programmet for LNK sitt landsting er klart

Korleis er stoda i omdømmearbeidet i norske kommunar? Det er tema under Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) sitt landsting på Gol 4. og 5. juni. Tunge bransjenamn, spenstige innleiarar og sprek underhaldning gjer programmet til eit av dei beste nokon gong.

Interessa for omdømme og omdømmebygging har auka monaleg dei siste åra, ikkje berre i næringslivet, men også i offentleg sektor. Det er noko av grunnen til at omdømme er hovudtema under LNK sitt landsting på Pers Hotell torsdag 4. og fredag 5. juni. Det er henta inn eit rikt og variert tal innleiarar som vil sjå tema frå ulike synspunkt og ståstadar.

Til å dra opp det store, faglege bakteppet har LNK henta inn omdømmeguru og grunnleggjar av kommunikasjonsbyrået Apeland, Ole Christian Apeland. Han skal forklare kva omdømme er og vise kor viktig omdømme er for ein kommune. Kva kan norske kommunar lære av næringslivet? spør Apeland.

Om det praktiske omdømmearbeidet ute i kommunane vil ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal og administrasjonssjef Ola Helstad i Lom seie noko. Solheim stiller spørsmål ved om omdømmebygging berre er systematisk arbeid, eller om det også er tufta på historie, kultur og tilfeldige hendingar. Han siktar m.a. til storbrannen i Lærdal i januar 2014 og vil dele sine erfaringar frå den.

 
Ola Hestad vil derimot vise at arbeid over tid gjev resultat sjølv i ein «multikompleks» organisasjon. Som kjent har Lom kommune hausta mykje ros for omdømmearbeidet sitt dei siste åra.

Elin Wetås de Jara, kommunikasjonssjef i Time kommune, skal fortelje om strategisk arbeid med språket i ein norsk kommune. Og Ulrikke Ytterborg, prosjektleiar i Hallingdal 2020, vil lære bort korleis Hallingdal har jobba med omdømme via ein prosess som eigentleg starta med diskusjonar rundt profilering og posisjonering.
– Ein kommunal eller regional kultur som ikkje tek omsyn til omdømme er på farlege vegar, meiner Ulrikke Ytterborg.

Spanande blir også paneldebatten som blir leia av kommentator i Bergens Tidende, Olav Kobbeltveit. I panelet skal Ole Chr. Apeland, Jan Geir Solheim, Ola Hestad og Elin Wetaas de Jara bryne seg på kvarandre og publikum.

Første landstingsdagen blir avslutta med del I av årsmøte i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Og i samband med festmiddagen på Pers Hotell om kvelden vil den prisløna spelemannen frå Ål, Stein Torleif Bjella, halda ein minikonsert.

Andre tingdag startar med del II av årsmøtet og med prisutdeling for offentlig målbruk.
Så vil Rasmus Mo, omdømmeleiar, mentor og motivator i Sogndal Fotball eksplodere på scena med kåseriet «Dønn Ærleg». Mellom anna vil han stå fram som «verdas beste Rasmus Mo».

Deretter vil me høyre om eit prosjekt i Hallingdal kalla «Hått Halling» og som har teke mål av seg å auka kunnskapen om og interessa for nynorsk og dialekt blant born og unge i hallingdalskommunane. Kva har dei gjort – og kva er dei største utfordringane med målarbeid som tidsavgrensa prosjekt? Prosjektleiar Heidi Molstad Andresen fortel.

Landstinget rundar av ved lunsjtider fredag med å late NRK sin Finn Tokvam oppsummere innhaldet på landstinget. Kva har dette eigentleg handla om?, spør Tokvam – og lovar humor.

Fullstendig program og påmeldingsinformasjon blir lagt ut på LNK sine heimesider www.lnk.no i byrjinga av februar.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...

Programmet til landstinget til LNK i Sogndal 1.-2. juni 2023

Landssamanslutninga av nynorskkommunar ønskjer velkommen til landsting i Sogndal 1.-2. juni på Quality Hotel Sogndal. Landstinget til LNK blir arrangert annakvart år, og er ein...

– Eit svik mot nynorskelevane 

Utdanningskomiteen har no lagt fram innstillinga si til ny opplæringslov. Trass i tydelege krav frå alle hald om at læringsressursar som er utvikla til...