Heim Nyhende Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for nynorsken og det reagerer både statsråd Sigbjørn Gjelsvik og mållagsleiar Peder Lofnes Hauge sterkt på.

Funna i den ferske undersøkinga, som er gjennomført av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Nynorsk kultursentrum vart kjende under landstinget for LNK i Sogndal.

Språklova set krav til at staten skal kommunisera med nynorskkommunane på nynorsk. Men ifølgje denne undersøkinga opplever dei færraste kommunane at statlege organ følgjer språklova slik dei skal.

Berre 3 av 58

Språklova gjeld frå 1. januar 2022, og har avløyst mållova. Berre tre av dei 58 nynorskkommunane som svara i denne undersøkinga svarar at statlege organ har blitt flinkare til å skriva nynorsk etter at språklova tok til å gjelda.

– Dette er svært alvorlege tal. Me veit at nokre statlege organ jobbar godt med å følgja språklova, men dessverre er det alt for mange som sviktar med å halda seg til norsk lov. Me oppmodar kommunane til å krevja at statsorgana kommuniserer med dei på nynorsk og gi beskjed når dei ikkje følgjer språklova. Dette er ein rett som følgjer av språklova, seier dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Svein Olav B. Langåker.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik under landstinget for LNK i Sogndal. Foto: Jan Inge Fardal / NPK

Statsråd reagerer

– Dette er skremmande dårlege tal, seier kommunal – og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik til NPK etter å ha helsa landstinget med det som nærmast kan karakteriserast som ei kjærleikserklæring til nynorsken. Og Gjelsviks departement er ikkje den store syndaren i denne samanhengen – mykje fordi statsråden frå Naustdal brukar nynorsk i så å seie all skriftleg kommunikasjon.

– Men dersom tala i denne undersøkinga stemmer, er det ikkje tvil om at me må bli endå flinkare til å påverke alle til å følgje språklova og bruke nynorsk i alle samanhengar der dette er naturleg, seier Gjelsvik. Han vil gjerne sjå nærare på funna i denne undersøkinga og er innstilt på å bidra der han kan for å styrke nynorsken sin posisjon.

Peder Lofnes Hauge, leiar av Noregs Mållag. Foto: Tuva Maria Åserud

Overraska

Leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge er og svært negativt overraska over funna i undersøkinga og konstaterer at ei språklov i seg sjølv tydelegvis ikkje er tilstrekkeleg for å betre stoda for nynorsken.

– Alle me som er opptekne av nynorsk må jobbe kvar einaste dag og på dei måtar me kan for å betre stoda for nynorsken og så må sjølvsagt statlege og fylkeskommunale organ ta seg i nakken og faktisk følgje lova, seier Lofnes Hauge.

I helsinga si til landstinget sa kommunalminister Gjelsvik at han har sett positive utviklingstrekk den siste tida, men han peika også på at kommunereforma kan vere ei utfordring for nynorsken.

– Når fleire kommunar skal slåast saman til ein og det skal veljast målform er det liten tvil om at nynorsken kan blir råka, sa Gjelsvik, som presiserte at det ikkje er einaste grunnen til at han er mot kommunesamanslåingar.

Ein milepæl

Statsråden løfta og fram den nye opplæringslova som eit viktig steg i rett retning og karakteriserte det som ein viktig milepæl at alle elevar i ungdomsskulen no har rett på opplæring i nynorsk. Han hadde elles merka seg debatten om mangel på læringsressursar for nynorskelevane og konstaterte at sjølv om dette er noko ein må leve med inntil vidare, er ikkje denne saka ferdig debattert.

– Både i Ap og Sp er det eit heilt klart mål at det skal leggjast til rette for både bokmål og nynorsk i alle samanhengar, sa Gjelsvik.

Fleire funn i undersøkinga

I den nye språklova er det nye krav også til fylkeskommunane. I dokument som er retta mot ein kommune eller ein fylkeskommune som har gjort språkvedtak, skal statsorgan og fylkeskommunar bruka det vedtekne skriftspråket. Men berre 9 av 58 nynorskkommunar opplever at fylkeskommunen og fylkeskommunale einingar kommuniserer med dei berre på nynorsk. 24 nynorskkommunar får mest nynorsk frå fylkeskommunen, medan 14 nynorskkommunar får mest bokmål frå fylkeskommunen sin.

Undersøkinga til LNK og Nynorsk kultursentrum er sendt ut til over 100 kommunar i nynorskområde. Blant dei 73 kommunane som svara, er det 15 språknøytrale kommunar.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...