Heim Nyhende Store skilnader

Store skilnader

Det kan vere store skilnader innanfor ein kommune når det gjeld tilgangen på kvalifisert personell. Der Bjoa slit med å finne høgt kvalifisert personell til skule og barnehage, har Skjold tjukke søknadsbunkar til sine stillingar innan same sektor.

Vindafjord kommune i Rogaland er ein vidstrakt kommune etter samanslåinga med Ølen i 2006. I kvar sin ende av kommunen finn du bygdene Bjoa og Skjold. Herborg Wold er styrar i Skjold barnehage, medan Gunnar Norenes er einingsleiar på Bjoa skule og barnehage. Båe meiner at det ligg naturlege årsaker bak skilnaden i tilgang på utdanna personell mellom dei to bygdene.  

Fyrst av alt lyt eg streke under at det er stor skilnad på kva ein legg i omgrepet kvalifisert personell, seier Gunnar Norenes.

Her på Bjoa har me ikkje fullt belegg når det gjeld pedagogisk utdanna personell, men det er ikkje det same som at dei ikkje gjer ein strålande jobb.

Han trur at små grendeskular og barnehagar lett kan få vanskar med rekruttering i og med at dei ligg litt avsides til, samstundes som han påpeikar at små forhold og ei plassering i utkanten også kan vere ein føremon.

– I stillingsutlysingar lokkar me med korleis me ligg til, av di me har tru på at dette kan vere avgjerande for somme når dei søkjer. Vakre omgjevnader og rolege dagar i ei lita, trygg bygd er ikkje å forakte, hevdar Norenes og smiler.

Storleiken betyr noko

Den nådelause kvardagen er nok likevel slik at dei fleste med høg utdanning søkjer seg til større stader. Det hevdar iallfall Liv Herborg Wold i Skjold:

– Vår plassering kort veg frå Haugesund er utvilsamt ein føremon når det gjeld å skaffe høgt utdanna personell, seier ho. I tillegg meiner Wold at storleiken på barnehagen lokkar fleire førskulepedagogar til Skjold:

– Ja, heilt klart. Me har eit mykje større fagleg miljø her i Skjold. 30 tilsette og 107 born seier det meste om storleiken. Eg trur dei fleste med høg utdanning ynskjer seg til ein stad der ein treff likemenn og ein har eit kollegium kor ein kan dra vekslar på kvarandre sin kompetanse, seier ho.

Det er uråd for Gunnar Norenes på Bjoa å setje seg imot den påstanden. Det syner dei tørre fakta, som fortel om kor vanskeleg det er å finne førskulelærarar og fagutdanna barne- og ungdomsarbeidarar som er viljuge til å jobbe i Bjoa Barnehage. I dag har dei fem tilsette lærarar på skulen. Fire av dei har godkjent utdanning. I barnehagen er det nær sagt uråd å få tak i nok personell med pedagogisk utdanning.

– Me ligg nok litt dårleg til slik sett, men eg lyt streke under at kvaliteten på arbeidet som vert gjort, er særs bra. Miljøet er godt blant dei tilsette, og me har høge standardar for det pedagogiske arbeidet vårt. Bjoa skule og barnehage er ein god stad å vere for både born og vaksne, legg han til.

Anbefaler samarbeid med høgskule

Ein av faktorane som Liv Herborg Wold meiner gjev suksess i rekrutteringsarbeidet, er samarbeidet Skjold barnehage har med Høgskulen Stord/Haugesund (HSH):

– Me er øvingsbarnehage for studentar ved høgskulen, og me har prov på at det gjev resultat. Studentane kjem hit og finn ut at dei trivst. Litt etter kvart fasar me dei inn i yrket her hjå oss ved å gje dei mindre vikariat når dei nærmar seg slutten av utdanninga. På dette viset har me fått fleire godt kvalifiserte førskulepedagogar inn i barnehagen vår. Å vere øvingsbarnehage er å anbefale til skular og barnehagar som slit med rekruttering, hevdar ho.

Gunnar Norenes på Bjoa er samd i den påstanden:

– Heilt klart. Eit tettare samarbeid med HSH er noko eg har stor tru på. Samstundes trur eg at det å leggje betre til rette for å fullføra utdanning eller det å vidareutdanna seg medan ein er i jobb, kunne lokke fleire til å velje seg arbeid i små grender som Bjoa.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...