Heim Nyhende – Me bør auke startløna

– Me bør auke startløna


Avtroppande personalsjef i Vindafjord Kommune, Kristin Helle, hevdar at startløna hjå kommunetilsette kan vere ei hindring for å rekruttere høgt utdanna personell til kommunar i utkantstrok.

– Kommunetilsette tener ikkje dårleg. Det er ei myte som ikkje har rot i røynsla, seier personalsjef Kristin Helle i Vindafjord. No om dagen held ho på med å rydde kontoret sitt i rådhuset i Ølen. Ho er på veg til grannekommunen Tysvær etter 24 år i Vindafjord. Ho meiner at startløna til kommunetilsette er for låg.  

– Det er liten tvil om at dei som sit og forhandlar slike ting sentralt, ikkje er ungdomar. Gong på gong vert dei som har lang fartstid i yrket, tilgodesett, medan nyutdanna står att som taparar. Ei betre løn for dei som nyss på fjorden er rodd, ville ha gjort det enklare for oss å få tak i personar med høg kompetanse, trur eg. No fer dei i staden til private aktørar, hevdar ho.

Biletet endrar seg

I Vindafjord kommune har pendelen endeleg bikka rette vegen att dei siste par åra. Lenge sleit kommunen med å få tak i utdanna ingeniørar, sjukepleiarar og kompetente fagarbeidarar. Etter nokre år med lågkonjunktur i næringslivet har biletet endra seg. No er det mest innan skule og barnehage at ein ser vanskar med å skaffe nok kvalifisert arbeidskraft.

– Nett no er det førskulelærarar det er mest etterspurnad etter ute i dei ulike einingane, men dette går i bølgjedalar. Om ikkje så lenge vil me sjå ein aukande trong for lærarar og helsefagarbeidarar i kommunen. Arkitektar, juristar og kommuneplanleggjarar er også yrkesgrupper som me til tider slit med å få tak i, seier Helle.

Ho meiner bestemt at Vindafjord kommune har vore flink til å gå andre vegar for å freiste å rekruttere fleire med høg utdanning til kommunen.

– Ja, me har fleire prosjekt som me deltek i gjennom interkommunalt samarbeid. Til dømes har kommunen delteke på ymse rekrutteringsprosjekt og messer, og me har vore aktive inn mot utdanningsinstitusjonar. Saman med grannekommunane har me òg delteke på eit rekrutteringsprosjekt med føremål å utdanne fleire helsefagarbeidarar. Der har me hatt unge fagarbeidarar som har reist rundt på skulane for å fortelje om yrket sitt, og med det freiste fleire til å søkje seg inn på desse linene.

Jobb og utdanning samstundes

Ein annan måte å auke kompetansen ute i einingane på, og som Kristin Helle har stor tru på, er å gjere det enklare å kombinere jobb og utdanning.

– Me freistar å stimulere eigne tilsette til å ta vidareutdanning gjennom desentraliserte tilbod frå Høgskulen Stord/Haugesund. Nett no har me to tilsette som tek desentralisert vernepleiarutdanning, medan to andre tek førskulelærarutdanning. Eitt av dei mest populære tiltaka i så måte har vore ILS-utdanninga, ei vidareutdanning innan leiing og samhandling. Her hadde me heile 15 tilsette som deltok. Slikt aukar utan tvil kompetansen på sikt.

Eit av områda Helle meiner har blitt litt forsømt, er satsinga på praktikantprogram.

– Me har jobba godt med å leggje til rette for fagbrev for ufaglærte, og me tek inn lærlingar støtt, men når det gjeld praktikantprogram, så har det vore heller skralt. Eg har sett at andre kommunar har hatt stor glede av å nyttiggjere seg eit slikt tilbod, men her har me nok ikkje vore heilt på banen, seier Kristin Helle.

– Den største utfordringa frametter blir nok likevel å få ungdomar til å velje seg yrke som høver med jobbar i kommunal sektor. Alt for mange unge i dag kvir seg for å ta høveleg utdanning innan til dømes pleie og omsorg, eller lærarutdanning for den saks skuld. Dei vel seg andre jobbar andre stader, avsluttar den avtroppande personalsjefen før ho held fram med førebuingane til sjølv å gå ut på nye jaktmarker.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av nynorskkommunar – LNK. Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK: • LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera...

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...