Heim Nyhende Støtte til innsamling av stadnamn

Støtte til innsamling av stadnamn

Språkrådet er på jakt etter nokon som kan samle inn og registrere stadnamn. I potten er det ein million kroner.

I statsbudsjettet for 2016 er det sett av 1.000.000 kroner til ei tilskotsordning for innsamling og registrering av stadnamn. Kulturdepartementet har gitt Språkrådet i oppdrag å forvalte denne ordninga.

Kulturminne

Stadnamn er viktige språklege kulturminne. Det språkhistoriske, kulturhistoriske og busetjingshistoriske aspektet ved desse namna kastar lys over liv og virke i tidlegare tider.

Endringane i busetjingsstrukturen og overgangen til maskinelle driftsformer i primærnæringane gjer at mange gamle stadnamn går ut av bruk. Kulturarven som desse namna representerer, står i fare for å gå tapt når dei siste som kjenner til og bruker namna, fell frå.

Nasjonal database

Formålet med tilskotsordninga er å bidra til å berge denne kulturarven ved å gi støtte til lokale aktørar som vil samle inn stadnamn. Innsamling og registrering skal samordnast, slik at namna kan bli tilgjengelege for flest mogleg. Det materialet som samlast inn, skal derfor leggjast inn i ein nasjonal namnebase som er under utvikling.

Tiltaket skal ha eit heilskapleg nasjonalt perspektiv. Austlandet, Sørlandet, Trøndelag, Troms og Finnmark er område som særleg treng meir namneinnsamling, men prosjekt som gjeld andre område, vil òg kunne få støtte.

Engasjere lokalmiljøet

Språkrådet ønskjer ei så grundig innsamling som råd, og det er derfor eit krav for å få tilskot at innsamlingsarbeidet er konsentrert til eit klart avgrensa område. Det kan til dømes vere ein del av kommunen tilsvarande eit kyrkjesokn eller eit anna naturleg avgrensa område. Språkrådet vil prioritere søkjarar som samarbeider med frivillige lag og organisasjonar i lokalmiljøet.

Kor store tilskota er, vil variere med storleiken på prosjektet, men i dei fleste tilfella vil det vere tale om mellom 50.000 og 200.000 kroner. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...