Heim Nyhende Styrker lokalområdet

Styrker lokalområdet

Folk på Haugalandet valfartar til fyret Ryvarden på søndagstur. No kan det hende dei kan trimme litt ekstra undervegs.

Kystlandskapsparken i Sveio jobbar stadig med å finne nye og gode prosjekt som kan skape trivsel og stimulere til ny næring i kommunen. Dette året skal dei mellom anna setje trimmen i høgsetet, og håpet er å kunne få sett ut trimapparat langs turvegen ut til Ryvarden, seier dagleg leiar i Kystlandskapsparken, Brith Inger Dirdal Engan.

– Vi er no i dialog med utviklarar av trimapparat for å sjå kva vi kan få til. Vi har jo sett liknande bruk av trimapparat i det offentlege rommet, mellom anna på NRK kor det i programmet Puls blei presentert noko liknande. Forhåpentleg kan det bli enno meir av det, med benker og kanskje ein lavvo.

Tradisjon og nyskaping

Engan forklarer at heile poenget med landskapsparkane er å ta i bruk den lokale kulturen og tradisjonane på plassen for å skape noko nytt.

– Tradisjonane ligg nedlagt i folk. Vi ønskjer å få til samarbeid på tvers av krinsar som kanskje tidlegare har stått mot einannan, for å få til utvikling av kulturopplevingar og næring.

Prosjektet skal vere nærmast som ein handlangar for kommunen når det gjeld å skape trivsel og dialog, fortel ho smilande.

Nasjonalt prosjekt

Kystlandskapsparken i Sveio har eksistert sidan 2010 og har per i dag to tilsette i deltid. Dagleg leiar Brith Inger Dirdal Engan har ein 15 prosent stilling i tillegg til at ho er styreleiar i parken. I tillegg er det ein tilsett i ei prosjektstilling på deltid som jobbar spesifikt med eit matprosjekt.

Kystlandskapsparken er ein av ni landskapsparkar i Hordaland. Namnet Landskapspark sprang opphavleg ut frå Unesco med definisjonen “eit bygdestyrt utviklingsområde med høg landskapsverdi. Fylkesmannen i Hordaland vart initiativtakar til landskapsparkane i sitt fylke. Føremålet med landskapsparkane er å ta vare på område av kulturell- og samfunnsmessig verdi og skape ny aktivitet i desse. Det finst andre og forskjellige park-prosjekt rundt om i landet, og alle parkane vart frå i år av samla og ligg no under Kommunal- og regionaldepartementet. Det betyr at kvardagen blir noko annleis for Kystlandskapsparken i forhold til før.

– Til no har vi søkt om midlar frå Fylkesmannen i Hordaland. No skal alle parkane i landet søke midlar ut frå ein og same pott, og då gjeld det om å skjerpe seg, slår styreleiaren fast.

Kystlandskapsparken satsar derfor no på å vidareføre matprosjektet ”Ta maten tilbake”, og på at trim-tankane og andre prosjekt som kan auke trivsel og engasjement, er med på å skape vekst i kultur- og næringslivet i Sveio.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...