Heim Nyhende – Tilsette i staten bør sleppe å bruke nynorsk

– Tilsette i staten bør sleppe å bruke nynorsk

Bent Høie og programkomiteen i Høgre vil at tilsette i staten skal sleppe å bruke nynorsk viss dei ikkje vil. 

– Systemet i dag er tungvint. Eg synest at me i større grad skal respektere val av språkform, at me lærer å lese og forstå kvarandre sine målformer, i staden for å tvinge andre til å skrive den målforma me har valt, seier Bent Høie til nrk.no

No vil Høgre målbrukslova frå 1980 til livs, der står det at statlege organ skal svare på brev frå privatpersonar, firma og andre organisasjonar i den målforma som brevet kom i. I tillegg gir den kommunar og fylkeskommunar høve til å krevje ei viss målform av staten. 

No meiner Høgre og Høie at dette er for tidkrevjande og ei ordning som ikkje er ein styrke for språket. 

Leiar i Noregs Mållag og høgrepolitikar, Håvard Øvregård seier til NRK at han er sterkt usamd med Høie. 

– Me har nynorsk og bokmål som to nasjonale språkformer her i landet. Det at staten nyttar begge to er heilt avgjerande for at nynorsk og bokmål blir oppretthaldne som nasjonale språk, seier han. 

Les meir om saka i neste utgåve av LNK-avisa. 

 



 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...