Heim Nyhende Uredd prisvinnar om press og ansvar

Uredd prisvinnar om press og ansvar

Tidlegare BT-journalist Njord V. Svendsen er uredd i sin journalistikk og i sine uttaler. Då han mottok kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar under festspela var han klar i si tale.

– Eg er ein prisvinnar som ikkje var journalist; eg var ein mellombels arbeidstakar. Derfor vil eg dele denne prisen med alle andre som har jobb utan jobb, sa prisvinnaren etter at juryleiar Gry Molvær hadde overrekt han prisen.

Han snakka vidare om å leve under press som «laus journalist», som ein som skriv nynorsk og som ein minoritet.

– Eg skriv nynorsk, som er ei av to jamstelte former i Noreg. Kall det grautmål, spynorsk eller sidemål. Kall det kva du vil. Eg skriv det eg vil, slo Svendsen fast.

Han slutta av med ein petit som han kalla ein slags «tidsdiagnose». Ein petit han skreiv like før han slutta som journalist i BT. Petiten spelte på ordet mål, der mellom anna sidemål, overordna mål, målretta og søksmål blei nemnde.

Vi har tidlegare skrive om prisvinnaren og kvifor han fekk prisen frå departementet. Det kan du lese her.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...