Heim Nyhende Usemje om "ny" bibel

Usemje om “ny” bibel

 

Det har tatt 11 år å lage ei ny og gjennomarbeidd omsetjing av Bibelen til eit språk som ligg nærare dagens språk, skriv Fædrelandsvennen. Omsetjinga skapar, ikkje heilt uventa, diskusjonar.

Mann40 konsulentar, oversetjarar og forfattarar som Håvard Rem, Inger Bråtveit, Hanne Ørstavik, Jon Fosse, Oskar Stein Bjørlykke og Sylfest Lomheim har vore involvert i omsetjingsarbeidet. Karl Ove Knausgård har hatt ansvaret for å skrive om forteljinga om skapinga.

På spørsmål om Bibelen blir betre i 2011-versjonen, svarer forfattar Paal-Helge Haugen, som mellom anna har vore sistekonsulent for den nynorske versjonen av Det nye testamentet:

– Den gamle er for abstrakt

– Den tidlegare versjonen av Bibelen var for laus i fisken, abstrakt, avrunda og for lite språkleg stram. 2011-versjonen har skarpare kantar. Vi prøver å spegle den gamle teksten, og kome til røtene av retorikken og biletspråket i Bibelen. Det skal ikkje sjå ut som om han har blitt skriven i ei anna tid. Bibelen skal smake gammaldags.

I 2011-versjonen av Bibelen blir ”Fader vår” til ”Far vår”, ”jomfru” til ”ung jente”og ”brør” til ”sysken”. Det blir også endringar i nesten kvart einaste vers. Haugen håpar resultatet blir at fleire vil spørje som han og bli meir nyfikne på Bibelen.

– Når den nye Bibelen kjem, blir mange tvungne til å tenke over kva som faktisk står i teksten, og ikkje bare mumle formlar som kjem automatisk. Det kjem til å bli diskusjonar, men der ser vi også kor stor kraft som ligg i forandring. Det er alltid noen som ikkje er samde, men det er bare storarta, meiner Paal-Helge Haugen.

– Folk har ringt og antyda at eg forfalskar Guds ord. Då spør eg dei på kva grunnlag dei seier det. Dei tar jo også utgongspunkt i ein tekst som har blitt sett om og fortolka ein gong. Så då er vi tilbake til start, legg han til.

Usamd i jomfru-byte

KrF sin partiveteran, Sigbjørn Horverak, synest det er greitt at språket i Bibelen skal moderniserast, men er ikkje samd i alle ordbyta som har blitt gjort. Spesielt gjeld dette bytet av ”jomfru” til ”ung jente”.

– Eg forstår ikkje kvifor dei sløyfar ordet jomfru fleire stader. Ei jomfru er noko heilt anna enn ei ung jente, det er ikkje dekkande. Det provoserer meg, for dette er eit veldig sentralt punkt i den kristne trua. Dette er snik-liberalisering av Bibelen, seier han.

Han får medhald frå Øyvind Benestad, som er delegat frå Agder og Telemark bispedøme.

– Eg forstår at mange reagerer, for dette er ein sentral av kyrkja si lære. Verset i Jesaja 7, 14 bør framleis setjast om med jomfru. Om grunngjevinga for å endre ”jomfru” til ”ung jente” bare er språkleg er det ein sak. Men o det er for å svekke kyrkja si lære om at Maria var jomfru, blir det alvorleg. Eg meiner det er unødvendig å gjere denne endringa, seier han.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...