Heim Nyhende Utbygging av breiband krev enklare saksbehandling

Utbygging av breiband krev enklare saksbehandling

– Ei rask og effektiv utbygging av breibandnettet over heile landet er avhengig av at vi får ei enklare, meir føreseieleg og lik behandling av søknader om løyve til å føra fram kablar og leidningar.

Det seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og leiaren av Hovudstyret i KS-organisasjonen for kommunesektoren, Gunn Marit Helgesen, i samband med eit felles brev dei har sendt til alle fylkeskommunar og kommunar i landet.
I brevet blir det vist til at Samferdsledepartementet i fjor vedtok ei forskrift om saksbehandling og ansvar for å leggja og flytta leidningar over, under og langs alle offentlege vegar.
Departementet minner også om at Vegdirektoratet har laga ein rettleiar for leidningar i riksvegnettet. Forskrifta og rettleiaren omfattar framføring av ulike typar leidningar, mellom anna for breiband, vatn- og avløpsnettet, straumforsyning og fjernvarme.
Rettleiaren for riksvegnettet er ikkje fullt ut eigna for alle fylkeskommunale og kommunale vegar, men departementet og KS meiner likevel at delar av innhaldet kan vera nyttig for andre vegar enn riksvegar. Kommunar og fylkeskommunar blir difor oppmoda om å bruka rettleiaren. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...