Heim Nyhende Vangsgutane som bok og hefte

Vangsgutane som bok og hefte

For andre året på rad kjem Vangsgutane ut både som bok og julehefte.

 

I fjor blei dei tre første årgangane av serien samla i bokform for første gong. I år følgjer forlaget opp med band 2 som dekkjer årgangane 1943, 1944 og 1945.

– Desse vart skrivne og teikna i ei tid som vi kjenner som gullalderen i norsk teikneseriekunst. Dei fleste store klassikarane i norsk teikneseriekunst vart skapte i denne tida, skriv forlaget.

Teikneseriekjennaren Olav Norheim tek i innleiinga for seg serien i eit kulturhistorisk perspektiv. Han fortel om kva som kjenneteiknar serien, korleis han blei til og om teikneserieparallellar i inn- og utland.

Forlaget vil gje ut i alt fem band. Utgjevingane dekkjer årgangane til og med 1957 som kunstmålaren og teiknaren Jens R. Nilssen (1880– 1964) teikna.

Årgangane av Vangsgutane frå 1943, 1944 og 1945 kjem i år ut som band 2 i den planlagde serien om Vangsgutane på fem band. (Foto: Fonna forlag). Klassisk nytt

I tillegg til dei innbundne hefta, kjem det også i år ut eit eige julehefte om Vangsgutane. Her kan lesarane gle seg over ei nylaga forteljing lagt til krigsåra skriven av Sverre Årnes og teikna av Ivan Andreassen.

Trufaste lesarar får også sitt med to klassiske forteljingar skrivne av Leif Halse og teikna av Jens R. Nilssen. Forteljingane er henta frå 1950 og 1951.

Musikalsk hyllest

Musikaren og komponisten Henning Sommerro har skrive innleiinga til heftet. Han undrast på kvifor det ikkje er laga film og TV-serie om Vangsgutane. Sjølv har han både skrive musikk til eit eige fjernsynsprogram om serien og ei lita Vangsgutsuite for strykekvartett. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...